italiensk poet og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Giosuè Carducci (27. juli 1835–16. februar 1907) var ein italiensk forfattar, av mange rekna som nasjonalskalden til det moderne Italia, og den første italienaren som fekk Nobelprisen i litteratur i 1906. Medan Carducci er best kjend for dikta sine, skreiv han også prosa, og omsette fleire store verk.
Giosuè Carducci | |
Pseudonym | Enotrio Romano |
Nasjonalitet | Italiensk |
Statsborgarskap | Kongedømet Italia |
Fødd | 27. juli 1835 Valdicastello Carducci, Pietrasanta |
Død |
16. februar 1907 (71 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, journalist, politikar, universitetslærar, litteraturkritikar, filolog |
Politisk parti | Estrema sinistra storica |
Medlem av | Accademia della Crusca, Accademia Nazionale dei Lincei, Società reale di Napoli, Deputazione di Storia Patria per le Venezie, Lombard Institute Academy of Science and Letters, Società dantesca italiana, Deputazione di storia patria per l'Umbria |
Religion | ateisme |
Far | Michele Carducci |
Mor | Ildegonda Celli |
Ektefelle | Elvira Menicucci |
Born | Beatrice Carducci, Libertà Carducci |
Giosuè Carducci på Commons |
Carducci vart fødd i Valdicastello i den italienske småbyen Pietrasanta nordvest i Toscana. Faren var lege og medlem i den hemmelege Carbonari-rørsla, og familien måtte flytta fleire gonger av politiske grunnar. I 1849 slo familien seg ned i nær Firenze. Kommunen Castagneto, der Carducci budde, fekk seinare namnet Castagneto Carducci til ære for han.
Carducci tok doktorgraden ved Scuola Normale Superiore di Pisa i 1856 og arbeidde som lærar og førelesar, mellom anna som professor i italiensk ved universitetet i Bologna. Han var ein mykje likt førelesar, og var kjend som ein sterk kritikar av litteratur og samfunn. Han var imot kristendommen, særleg den sterke verdslege makta til den katolske kyrkja.
I 1859 gifta Carducci seg med kusina Elvira Menicucci. Dei fekk fem barn saman, ein son døydde få dagar gammal.
I 1890 blei han utnemnd til senator i kongeriket Italia.
Carducci hadde stor interesse for antikk gresk og romersk kultur. Som ung omsette han ein del av Iliaden til italiensk. Seinare brukte han gjerne klassiske verseformer lik Horats og Vergil og ein enkel, «klassisk» stil i dikta sine.
Protestdiktet «Inno a Satana», 'Hymne til Satan', vart eit revolusjonært og inspirerande dikt i 1860-åra, då den italienske republikanske rørsla pressa på for å enda Vatikanet sitt styre over Pavestatane. Medan diktet fekk stor utbreiing og innverknad, finn ein dei viktigaste dikta hans i dei seinare samlingane Rime Nuove og Odi Barbare.
Carducci omsette mykje frå fransk og tysk, mellom anna verk av Goethe og Heine.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.