art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Granmeis (latin Poecile montanus, tidlegare Parus montanus) er ein fugl i meisefamilien.
Granmeis | |
Granmeis | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av granmeis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Meisefamilien Paridae |
Slekt: | Poecile |
Art: | Granmeis P. montanus |
Vitskapleg namn | |
Poecile montanus Baldenstein, 1827 |
Granmeis er rundt 12 cm lang og veg 11-14g. Fargen på fuglen er svart, kvit og grå. Er du veldig god på fuglar, klarar du å skilje ho frå lauvmeisa. Oversida på granmeisa er grå (lauvmeisa er litt meir einsfarga brun) med lys stripe på vengene. Ei svart hette og lysande, kvite kinn. Flekken på strupen er større enn på lauvmeisa. Det er uvanleg at ho er større enn granmeisa.
Granmeisa ser du mest i skogen, og du kan sjå ho over heile landet; særleg i barskog, blandingsskog og lauvskog. Ho er vanleg også i alpin bjørkeskog med småvokse tre.
Granmeisa hakkar gjerne ut si eiga reirgrop i tre. Dei fleste andre meisene gjer ikkje det. Granmeispara leiter allereie i mars og april etter eit dødt tre eller ein stubbe. Dei hakkar gjerne ut eit nytt hol til reir kvart år, men dei kan bruke gamle hol frå andre meiser eller spettefuglar. Reir som er fylt med spon kan bli brukt. Utsjånaden på reiret skil den frå andre meiser, fordi granmeisa har hår og nokre fjør men manglar mose som reirmateriale. Granmeisa legg 7–8 egg i mai, og dei blir ruga av hoa i 14–15 dagar. Ungane forlet reiret allereie etter 17–19 dagar og blir mata i fleire veker av foreldra etter at dei har forlet reiret sitt.
Om sommaren et fuglane insekt og edderkoppar og om vinteren et dei frø, spesielt av bartre, og einer. Granmeisa er svært vanleg på fuglebrettet, der ho tek solsikkefrø.
Granmeisa er ein standfugl som held seg nær eit merka område. Ungfuglane streifar noko omkring i det området. Granmeisa opptrer om vinteren i meiseflokkar på 2–4 svartmeiser, 2 toppmeiser, 3–4 granmeiser, 3–5 fuglekongar og 1 trekrypar. Som regel består granmeisflokken av vaksne par som held seg innanfor området sitt.
I år 2021 blei granmeis oppgradert frå kategorien livskraftig til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.