Gråseglar (Apus pallidus) er ein fugleart i seglarfamilien. Han hekkar rundt Middelhavet, på Kanariøyene og Madeira, i Midt-Austen, på Den arabiske halvøya og rundt Persiabukta. Arten er ein sterk trekkfugl som overvintrar i eit belte i Afrika sør for Sahara, men avgrensa populasjonar i Afrika er standfuglar.[1]

Kjappe fakta
Gråseglar
Thumb
Gråseglar
Foto: Stavros Karabinas
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Seglarar Apodidae
Slekt: Apus
Art: Gråseglar A. pallidus
Vitskapleg namn
Apus pallidus
Shelley, 1870
Lukk

Skildring

Gråseglarar liknar mykje på tårnseglar, både i storleik og i utsjånad. Kroppslengda er ca. 16 centimeter og vekta ca 42 gram.[1] På avstand er dette ein mørk, nær svart seglar med kvit strupe, kort, kløfta hale og lange, halvmåneforma venger i fluktbiletet. Samanlikna med tårnseglar har han ein aning kraftigare kroppsbygging, breiare og lysare strupeområde, og litt meir brunskjær i fjørdrakta. På kort avstand er skjelforma mønster synleg på undersida. Vengeslaga er litt langsamare enn hos tårnseglarar.

Føda er insekt og edderkoppar som svevar i lufta.

Lætet er eit høgt tørr skrik lik som slektningen sin, men med lågare tonehøgd.

Hekkeområde er ofte knytt til kystar og øyer, men dei kan hekke så høgt som på 2700 moh. til dømes i Sierra Nevada i Spania.

Den globale populasjonen er estimert til 250 000 til 2 mill individ og er trudd å vere stabil.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.