From Wikipedia, the free encyclopedia
Guvernante (frå fransk gouvernante, 'ei som styrer') er ei kvinne tilsett for å undervisa og oppseda barn i eit hushald. Guvernanter var vanlege i velståande europeiske og europeiskætta familiar fram til om lag første verdskrigen. I nyare tid er dei uvanlege, men kan framleis brukast i store og velståande familiar eller hjå folk som bur svært avsides.[1]
Historisk var guvernanter ofte «danna» kvinner som gjerne hadde dette som einaste moglege yrkesveg. Sosialt stod guvernanta i ei stilling mellom familien ho var tilsett av og tenarane deira. Dette kunne gjera henne svært isolert, noko som til dømes kan illustrerast ved at det var vanleg at guvernanter åt måltida sine åleine.
Guvernanter underviste som regel jenter og yngre gutar. Eldre gutar blei sende til kostskule eller hadde mannleg privatlærar. I tillegg til grunnleggjande skulefag som lesing, skriving og rekning kunne dei gje musikalsk eller kunstnarisk opplæring eller læra ungane eit framandspråk. Særleg fransk var vanleg, og mange henta fransktalande guvernanter for å få god språkopplæring.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.