Habdalá
From Wikipedia, the free encyclopedia
Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]), jid. havdóle, er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a4/Havdal.jpg/220px-Havdal.jpg)
Habdaláen markerer alltid overgangen frå meir heilag til mindre heilag. Det fulle ritualet frå sjabbát til kvardag på ein laurdagskveld (når denne kvelden ikkje er høgtidsdag), inneheld desse elementa:
- Ein tenner eit levande lys (gjerne eit fletta lys eller eit lys med fleire veikar)
- Ein innleiingsdel — denne delen varierer mellom ulike jødiske retningar og etter om ein gjer habdalá i synagogen eller heime.
- Signing av ein bekar med kasjér vin eller druejus. (Ein drikk ikkje vinen enno.)
- Signing av velduftande krydder. Ein luktar på kryddera.
- Signing av elden.
- Signing av skilnaden mellom helg og kvardag.
- Ein drikk så vinen eller jusen og sløkkjer det levande lyset att.