From Wikipedia, the free encyclopedia
Herpes simplex (av gresk ἕρπης herpēs, «krypande» eller «latent»), ofte berre kalla herpes, er ein virussjukdom som skuldast herpes simplexvirus.[1] Infeksjonane blir kategorisert etter kva for kroppsområde dei råkar. Herpes labialis råkar andletet eller munnen, og kan føre til små blemmer kjend som forkjølingssår eller munnsår, og i mildare høve sår hals.[2][3] Herpes genitalis, ofte berre kjend som herpes, kan føre til milde symptom eller forme blemmer som sprekk og dannar små sår kjend som ulcus. Desse plar å lækjast innan to til fire veker. Kriblande eller skytande smerte kan oppstå i forkant av blemmene. Herpes varierer mellom periodar med aktiv sjukdom og periodar utan symptom. Den fyrste episoden plar å vere kraftigast og er ofte følgd av feber, muskelsmerte, svolne lymfeknutar og hovudverk. Aktive sjukdomsperiodar minskar med tid, både i frekvens og alvorlegheitsgrad.[1] Døme på andre lidingar som skuldast herpes simplex-infeksjon er herpetisk verkefinger,[4] herpes i auga,[5] herpesinfeksjon i hjernen[6] og medfødd herpesvirusinfeksjon.[7]
Det finst to typar herpes simplexvirus: type 1 (HSV-1) og type 2 (HSV-2).[1] HSV-1 plar å føre til infeksjon i andlet, lepper og munn, medan HSV-2 plar å føre til infeksjon i kjønnsorgan.[2] Virusa smittar ved direkte kontakt med kroppsvæsker eller lesjonar hjå infiserte personar. Smitteoverføring kan skje også når personen er symptomlaus. Genital herpes er klassifisert som ein seksuelt overførbar sjukdom. Viruset kan overførast til spedbarn ved barnefødsel.[1] Etter infeksjon blir virusa transportert langs sensoriske nerveceller til cellekroppen i nervecellene, der dei oppheld seg resten av livet.[2] Vanlege årsaker til nye utbrot er nedsett immunfunksjon, stress og eksponering for sollys.[8][2] Oral og genital herpes simplex-infeksjon blir vanlegvis diagnostisert på grunnlag av symptoma.[2] Diagnosen kan stadfestast med viruskultur eller ved å sjå etter herpes-DNA i væska frå blemmene. Blodprøvar for å sjå etter antistoff mot viruset kan bidra til å stadfeste tidlegare infeksjonar, men vil svare negativt på nye infeksjonar.
Den mest effektive måten å hindre infeksjon i kjønnsorgan er ved å unngå vaginalt, oralt og analt samkvem. Kondombruk minskar risikoen til ei viss grad. Dagleg antiviral behandling hjå den smitta personen kan bidra til å minske smitte. Det finst inga vaksine mot herpes simplexvirus. Det finst heller ingen kur når ein først har pådrege seg infeksjonen. Paracetamol og topisk lidokain kan bidra til å lindre symptoma.[2] Behandling med antivirale lækjemiddel som aciklovir eller valaciklovir kan minske alvorlegheitsgrada av dei symptomatiske episodane.[1][2]
Verdsfemnande førekomst av HSV-1 eller HSV-2 ligg mellom 60 % og 95 % hjå vaksne.[9] HSV-1 blir vanlegvis tileigna i barndomen.[1] Førekomsten av begge plar å auka med alderen.[9] HSV-1 råkar mellom 70 og 80 % menneske i populasjonar med dårleg sosioøkonomisk status, og mellom 40 og 60 % i populasjonar med høgare sosioøkonomisk status.[9] Om lag 536 millionar menneske, eller 16 % av verdsborgarane, var smitta med HSV-2 i 2003, og førekomsten var høgast blant kvinner og folk i utviklingsland.[10] Mange av dei som er smitta med HSV-2 er uvetande om at dei har infeksjonen.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.