Jutulhogget

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jutulhoggetmap

62°0′4.1256″N 10°55′11.006″E

For stader med same namn, sjå Jutulhogget (fleirtyding)
Thumb
Jutulhogget.

Jutulhogget i Østerdalen er ei 2,4 km lang kløft mellom Glomma og Tylldal i Nord-Østerdal i kommunane Alvdal og Rendalen i Innlandet, ei av dei lengste kløftene i Nord-Europa. I vest endar Jutulhogget i ein botn, i aust nede ved elva Tysla.

Det finst mange segner frå staden. Det vanlegaste opphavssegnet handlar om fiendskap mellom Rendalsjutulen og Alvdalsjutulen. Dette vart fortalt opp att i ei biletbok av Helge Ness i 1978.Eit anna segn er gjengitt av Jacob Breda Bull i romanen Jutulskaret. Segna om Tater-Kristen vart filmatisert under tittelen Tater Kristen i 1991.

Danning

Jutulhogget vart danna i slutten av siste istid for 9200 år sidan av den raske tappinga av Nedre Glomsjø.Nedre Glomsjø var ein bresjø demmd opp av isbreane. Desse gav etter ved Barkaldkjølen, og om lag 100 km³ vatn rann over og grov seg ned i Jutulhogget dei neste 2 - 3 vekene. Noko av vatnet rann til Sverige, resten rann mot Øyeren, men vart ståande ei tid over Romerike. Her vart det utgravne fjellet sett av som romeriksmjelen. [1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.