Slaga ved Barfleur og La Hogue
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei to tilknytte sjøslaga ved Barfleur og La Hogue fann stad mellom 29. mai og 4. juni 1692. Det første slaget fann stad nær Barfleur og det andre ved Cherbourg og Saint-Vaast-la-Hougue ved Cotentinhalvøya i Normandie i Frankrike. Det var eit avgjerande sjøslag i niårskrigen.
Slaga ved Barfleur–La Hougue | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av niårskrigen | |||||||
Slaget ved Barfleur, 29. mai 1692 av Richard Paton, måla på 1700-talet | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike[1] | England Dei sameinte Nederlanda | ||||||
Kommandantar | |||||||
Anne Hilarion de Tourville | Edward Russell Philips van Almonde | ||||||
Styrkar | |||||||
70 til 80 segl 44 linjeskip samt hjelpeskip |
over 120 segl 82 linjeskip samt hjelpeskip | ||||||
Tap | |||||||
Barfleur: ingen skip tapt mange skadde 1700 døde eller skadde[2] Cherbourg: 3 skip i brann |
Barfleur: ingen skip tapt mange skadde 2 000 døde, 3 000 skadde[2]
|
I mai 1692 førebudde den franske flåten på 44 linjeskip, kommandert av comte Anne Hilarion de Tourville på å transportere ein invasjonsarme av fransk-irske soldatar for å gjeninnsette Jakob II på den engelske trona. Trass i at han hadde kommando over flåten, skulle dei strategiske avgjerslene takast av Jakob II, François d'Usson de Bonrepaus og Bernardin Gigault de Bellefonds. Den franske sigeren i slaget ved Beachy Head to år tidlegare, i juni 1690, hadde opna opp høvet om å øydeleggje den allierte flåten og setje i land ein invasjonsarme. Tourville sette ut mot den 82 skip sterke engelsk-nederlanske flåten ved Barfleur. Etter ein hard, men uavgjort kamp, var mange av skipa på begge sider øydelagde. Tourville klarte å kome seg unna i tåka og i fleire dagar prøvde han å kome seg unna den større flåten til dei allierte. Den franske flåten vart spreidd, og 15 gjekk tapt, 3 ved Cherbourg og 12 ved La Hougue. Trugselen om ein invasjon av England var derfor over for denne gongen.