Slaget ved Staffarda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved Staffarda vart utkjempa under niårskrigen i Piemonte-Savoie, nord i dagens Italia, den 18. august 1690. Hendinga var det første store møtet på den italienske krigsskodeplassen sidan Victor Amadeus, Hertugen av Savoie, hadde gått inn i Storalliansen mot Frankrike tidlegare på året. Slaget vart ein klår siger for den franske kommandanten Nicolas Catinat, som etterpå tok andre festningsbyar i Piemonte. Franskmennene tok òg over det meste av Hertugdømet Savoie, men på grunn av sjukdom, mangel på infanteri og problem med å få forsyningar, klarte ikkje Catinat å kringsette hovudstaden til Amadeus, Torino som kong Ludvig XIV hadde håpa på.
Kjappe fakta Dato, Stad ...
Slaget ved Staffarda | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av niårskrigen | |||||||
Sigeren i Staffarda av Jean Baptiste Morret | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike | Hertugdømet Savoie, Spania | ||||||
Kommandantar | |||||||
Nicolas Catinat | Hertugen av Savoie | ||||||
Styrkar | |||||||
12 000[1] | 18 000 | ||||||
Tap | |||||||
2 000 drepne / skadde[2] | 2 800 drepne / skadde 1,200 tekne til fangar |
Close