art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kappklippehoppar (Chaetops frenatus) er ein nær gråtraststor insektetande sporvefugl som er endemisk for fjellområde med fynbos-vegetasjon i sørlegaste Sør-Afrika.
Kappklippehoppar | |
Kappklippehoppar Foto: Logan Kahle | |
Status | |
Status i verda: Nær truga | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Chaetops Chaetopidae |
Slekt: | Klippehopparar Chaetops |
Art: | Kappklippehoppar C. frenatus |
Vitskapleg namn | |
Chaetops frenatus |
Kappklippehopparen er 23-25 cm i kroppslengd, inkludert ein lang svart hale, og han har kraftige bein. Hannar har svart og gråstripa overside av hovud, nakke og rygg, vengene er i hovudsak svarte, og heile undersida og overgumpen er kastanjefarga. Dei har ei tynn, uklår, kvit augebrynstripe, supercilium, og ein brei kvit mustasje mot eit svart strupeområde. Iris er oransje til raud. Hofuglar er totalt sett bleikare i fargene, dei manglar svart strupe, og vengene er meir brunlege.[1]
Dette er ein bakkelevande art som beitar på steina grunn og i steinur. Dei sit ofte oppe på ein stein.
Hekkebiologien er kjent som særeigen ved at paret lever monogamt i store territorium på 40-110 dekar, men i tillegg bidreg òg eit eller to individ som hjelparar under hekkinga. Bidraga inkluderer vanlegvis alarmering og vern av territorium, og fôring av ungar. Hoene hjelper òg med å byggje reir og å ruge.[2] Kullet er på to egg, rugetida er ca. 20 dagar, og ungane har i tillegg ein reirperiode på ca. 20 dagar. Etter det kan ungar flyge etter 5 til 10 dagar.[1]
Den nært nærskylde drakensbergklippehoppar, Chaetops aurantius, overlappar ikkje i utbreiingsområde. Hannar av den arten har oransje underside. Dei to artane utgjer tilsaman sin eigen biologiske familie Chaetopidae.
Populasjonen er estimert til ca. 33-60 000 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt nær truga.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.