From Wikipedia, the free encyclopedia
Hagekjørvel (Anthriscus cerefolium) er ein urt på 25-80 cm som blir dyrka som krydderurt og finst forvilla ved busetnader og avfallsplassar.
Hagekjørvel | |
Hagekjørvel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Slekt: | Hundekjeksslekta Anthriscus |
Art: | Hagekjørvel A. cerefolium |
Vitskapleg namn | |
Anthriscus cerefolium Hoffm. |
Hagekjørvel er ein eittårig plante med ein opprett, buska vekst. Stengelen har rundt tverrsnitt og er hol og glatt, men hårete ved basis til blada. Blada er eggforma og fleire gonger fjørdelte med tannete rand. Dei kan minna om persilleblad. Oversida er grasgrøn, medan undersida er lysegrøn.
Planten blomstrar i mai-juni. Blomane finst samla i side- og endestilte skjermar. Einskildblomar er femtalige og regelmessige bortsett frå randblomane til kvar skjerm, som har forlenga kronblad mot utsida. Kronblada er kvite. Frøa er nøtter med eit kort nebb.
Rotsystemet består av ei kort, loddrett pålerot med nokre få, grove siderøter.
Planten har det naturlege utbreiingsområdet sitt i Midtausten, Kaukasus, Sentral-Asia og i Aust- og Sør-Europa. I Norden kan ein finna han forvilla frå hagedyrking. Arten er tilpassa lysopne eller halvskygga voksestader med ein jordbotn som er middels fuktig og næringsrik.
Blada blir brukt friske eller frosne som krydder til suppe, sausar, salatar, kylling, egg- og fiskeretter. Heile planten luktar aromatisk og minnar om anis.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.