Kos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kos (gresk Κως) er ei øy i Hellas og ein del av Dodekanesane ved Gökavabukta i Egearhavet. Ho er 40 km lang og 8 km brei og ligg berre 4 km frå kysten av Bodrum i Tyrkia. Øya har både frodige sletter og golde høgland og eit folketal på vel 37 000.
Kos Lokalt namn Κως | |
---|---|
Kos hamn | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°51′N 27°14′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 287,2 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kos |
Største busetnad | Kos (21 430 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 37 089 (2021[1]) |
Folketettleik | 129,1 /km² |
Tidlegare hadde øya tre kommunar, men frå 2011 er Kos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Kos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kos er hovudstad i periferieininga.
Kos var tidlegare òg kjend som Meropis og Nymphæa. På italiensk blir ho kalla Coo, på tyrkisk İstanköy og på fleire andre språk Cos . Eit tidlegare engelsk namn var Stanchio.
Diodoros Sikolos (xv. 76) og Strabo (xiv. 657) skildra hamna som godt verna av festningsverk. Plasseringa hennar var viktig for handel i Egearhavet og ho var kjend for den gode vinen ein produserte her (Plinus, xxxv. 46). Under Aleksander den store og Ptolemaios I av Egypt (frå 336 fvt.) utvikla Kos seg til eit av dei store sentera i Egearhavet.