From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvernsteinsbrota i Hyllestad i Ytre Sogn er det eldste og eit av dei største produksjonsområda for kvernsteinar (møllesteinar) i Noreg, med nærare 400 steinbrot. Den naturlege føresetnaden for kvernsteinsproduksjonen var bergarten granatglimmerskifer. Steinbrota ligg frå strandsona langs Åfjorden og opp til ca. 200 moh., men dei aller fleste ligg mindre enn ein kilometer frå sjøen og næraste utskipingshamn. Produksjonen av kvernsteinar går tilbake til vikingtida, ca. 800-talet, og strekker seg heilt fram på 1900-talet. I vikingtida og mellomalderen vart kvernsteinane forma og hogd ut direkte frå fast fjell, og i fleire av steinbrota står det enno att kvernsteinar som aldri vart løyste frå berget.
Den storstilte produksjonen har sidan vikingtida bidrege til å endre det opphavlege landskapet. Fleire stader ligg steinbrot og haugar med produksjonsavfall så tett at den opphavlege topografien ikkje lenger er synleg. To utskipingshamner er også registrert. Der ligg store mengde kvernsteinar og ballaststein i sjøen, og vitnar om lastinga og lossinga som ein gong gjekk føre seg. Til saman utgjer alle spora i kvernsteinslandskapet eit unikt og omfattande kulturminne som med spor etter ei meir enn 1200 år gamal bergverksverksemd. Frå 1600-talet og framover begynte produksjonen i Hyllestad å minke. I nyare tid vart også ein ny teknologi teken i bruk i kvernsteinsbrota – utvinning ved hjelp av krut. Denne produksjonen heldt fram til 1930.
Hovudproduktet frå Hyllestad var kvernsteinar til handkverner. Handkverna bestod av ein roterande overstein og ein fast understein, og ho vart driven ved hjelp av handkraft. Ved maling vart kornet helt ned i kvernauge på oversteinen, og det malne mjølet kom ut i ytterkant av kvernsteinane. Kvernsteinane vart produsert for folk flest. I mellomalderen hadde kvernsteinsbrota fått eit utvida produktspekter. I tillegg til kvernsteinar for handkverner vart også møllesteinar for vassmøller, steinkrossar og gravheller produsert. Steinkrossane frå Hyllestad finn vi i dag att langs kysten av både Sogn og Fjordane og Rogaland. Steinkrossane og gravhellene var truleg bestillingsverk og vart produsert for aktørar tilhøyrande eliten i samfunnet.
Proveniensundersøkingar viser at kvernsteinar og møllesteinar frå Hyllestad hadde ein vid distribusjon, og Hyllestad var del av eit internasjonalt handelsnettverk i vikingtid og mellomalder. Fleire forliste skip med kvernsteinar og møllesteinar frå Hyllestad er registrert langs norskekysten. Hyllestadsteinane vart eksportert over stort sett heile Noreg, men også til Sverige, Danmark, Nord-Tyskland og Vesterhavsøyene. Distribusjonen starta i slutten av vikingtida, ca. 950, med ei auke inn i mellomalderen, då med Bergen som viktig stapelhamn. I nordaustlege delar av Danmark og sørvest-Sverige var kvernsteinane frå Hyllestad nærast einerådande. Steinane finst også i Hedeby/Schleswig og på Vesterhavsøyene, men i mindre grad.
Kvernsteinsparken er etablert innanfor produksjonslandskapet i Hyllestad, som eit visingsområde med fokus på formidling av kvernsteinshistoria. Ein sti er lagt gjennom kvernsteinslandskapet der steinbrot med spor etter uttak av kvernstein og møllesteinar og enorme haugar med produksjonsavfall ligg tett i tett. I utkanten av steinbrota er det etablert eit aktivitetsområde der besøkande kan få demonstrert og sjølv prøve ulike aktivitetar som steinhogging, maling av korn med handkvern og å arbeide i smia. To laster med kvernsteinar frå gamle skipsforlis er stilt ut i Kvernsteinsparken. Kvernsteinsparken vart opna i 2002 av dronning Sonja.
Kvernsteinsbrota i Hyllestad er, saman med vikingskipshaugane i Vestfold, nominerte til UNESCO si verdsarvsliste. Dei inngår som Noreg sitt bidrag i ein transnasjonal serienominasjon: Viking Age Sites in Northern Europe.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.