Møllestein

From Wikipedia, the free encyclopedia

Møllestein
Remove ads

Møllesteinar eller kvernsteinar er runde steinskiver nytta i vindmøller og vassmøller, inkludert tidvassmøller, eller kverner for å male korn og andre material.

Thumb
Handkvern av stein med ein fast underliggjar og ein overliggjar som vert dreid rundt med handemakt, fotografert i bruk i Tibet i 1938. Handkverner lagd etter det same prinsippet har òg vore nytta i Noreg i vikingtida og frametter.
Thumb
Mølle i Albania av liknande type som vart nytta i norske bekkekvernar drivne av kvernkall eller vasshjul.
Thumb
Skjematisk teikning av ein møllestein.

Steintypen som høver seg best til møllesteinar er ein kiselstein, som har ein open struktur som er porøs, men hard, og består av finkorna sandstein eller kiselhaldig kalkstein med forsteiningar.[1]

I Noreg har ein nytta staurolittførande granat-glimmerskifer frå Klæbu, kyanittførande granat-glimmerskifer frå Hyllestad og gneis frå Ryfylke som materiale for møllestein.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads