pattedyrtribus From Wikipedia, the free encyclopedia
Lamadyr (Lamini) er ei biologisk gruppe av søramerikanske kameldyr. Ho omfattar fire nolevande artar fordelt på to slekter, lama- og vikunjaslekta. Lamadyra er endemiske for den nye verda.
Lamadyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kamelfamilien Camelidae |
Underfamilie: | Camelinae |
Stamme: | Lamadyr Lamini |
Lamadyr har ikkje kjønnsdimorfisme. Dei skil seg frå dei andre kameldyra kamel og dromedar ved å ha ein tett og lang pels.[1]
Fordøyingssystemet til lamadyr er unikt i høve til andre kameldyr. Det er spesielt innretta på å fordøya særskilde gifter som finst i det naturleg kosthaldet deira.[2] Vidare manglar dei galleblærestruktur.[3]
Moderne mtDNA-studium tyder på at lamadyr blei domestiserte for mellom 7 000 og 6 000 år sidan, alpakka frå vikunja og lama frå guanako.[4]
Guanako og vikunja er dei einaste ville kameldyrartene i Sør-Amerika. Dei stammar truleg frå ein felles progenitor som levde for kring 2-3 millionar år sidan.[5][6][4] Dei fire nolvande artane kan para seg og danna fertilt avkom.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.