Lattakia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lattakia (arabisk اللَاذِقِيَّة, al-Lādhiqīyah) er den største hamnebyen i Syria, i tillegg til å vere hovudstaden i Lattakia guvernement. Byen er i tillegg til hamneby eit senter for dei kringliggande jordbruksbyane og landsbyane. Ifølgje folketeljinga i 2004 er folketalet i byen 383 786.[1][2] Han er den femte største byen i Syria etter Aleppo, Damaskus, Homs og Hama, og grensar til Tartus i sør, Hama i aust, og Idlib i nord.
Lattakia | |||
arabisk اللَاذِقِيَّة | |||
by | |||
Bilete frå Lattakia | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Lattakia guvernement | ||
Distrikt | Lattakia-distriktet | ||
Høgd | 11 moh. | ||
Koordinatar | 35°31′N 35°47′E | ||
Areal | 58 km² | ||
Folketal | 383 786 (2004) | ||
Grunnlagd | 300-talet fvt. | ||
Retningsnummer | 41 | ||
Lattakia 35.523611111111°N 35.791666666667°E / 35.523611111111; 35.791666666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Latakia | |||
Nettstad: www.elatakia.sy | |||
Sjølv om staden har vore busett sidan 1000-talet fvt., vart den moderne byen grunnlagd på 300-talet fvt. under styret til selevkidane. Lattakia vart så styrt av romarane, så omajadane og abbasidane på 700-900-talet evt. Under styret deira gjekk bysantinarane ofte til åtak på byen, og heldt i periodar byen før dei tapte han att til arabarane, særleg fatimidane. Sidan vart Lattakia styrt av seldsjukk-tyrkarar, krossfararar, ajjubidane, mamelukkane og osmanarane. Etter fyrste verdskrigen vart Lattakia ein del av det franske mandatet i Syria, der han tente som hovudstad i eit sjølvstendig område busett av alawittar. Dette sjølvstendige området vart Alawittarstaten i 1922, og erklærte seg sjølv fleire gonger sjølvstendig før det vart innlemma i Syria i 1944.