Mýkonos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mýkonos (gresk Mύκονος), òg kalla Myconos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ein av dei store turistdestinasjonane i Egearhavet og er kjend for det yrande nattelivet. Øya ligg mellom Tínos, Sýros, Páros og Náxos. Sjølve øya Mýkonos har eit areal på 86 km² og er 364 meter på det høgaste.
Mýkonos Lokalt namn Mύκονος | |
---|---|
Hovudbyen på Mýkonos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°27′N 25°20′E |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 105,2 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Mýkonos |
Største busetnad | Mýkonos (4 808 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 10 704 (2021[1]) |
Folketettleik | 101,7 /km² |
Mýkonos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Mýkonos er den einaste kommunen i periferieininga.[2] Til kommunen høyrer òg Dílos, Rínia, Tragonísi og fleire andre små øyar utan busetnad.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Mýkonos 10 704 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 4 808 innbyggjarar.[1]
Øya består hovudsakleg av granitt. Ho har lite naturleg ferskvatn og er avhengig av avsalting av sjøvatn for å dekke behovet. Det bur noko over 10 000 innbyggjarar på Mýkonos, og den største tettstaden heiter òg Mýkonos, men vert stundom kalla Khóra (som tyder «byen» på gresk). Mýkonos by ligg på vestkysten. Ein meiner at øya er kalla opp etter ein lokal helt, som vert rekna som eit av barneborna til guden Apollon og som vart dyrka lokalt i antikken.