From Wikipedia, the free encyclopedia
Mount Stephenson er eit fjell i Antarktis. Det ligg sentrlat i Douglas Range, ved toppen av Toynbeebreen og Sedgwickbreen 13 km vest for George VI Sound, nær austkysten av Aleksanderøya i Britisk Antarktis. Med ei høgd på 2987 moh er Mount Stephenson det høagste i Douglas Range og det høgaste punktet på Aleksanderøya. Mount Egbert er det nest høgaste fjellet med ei høgd på 2895 moh og ligg 8 nautiske mil sør-søraust for Mount Stephenson.[2] Fjellet gjer Aleksanderøya til den 22. høgaste i verda.
Mount Stephenson | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Douglas Range | ||
Topp | Aleksanderøya | ||
• høgd | 2 987 moh. [1] | ||
• Primærfaktor | 2 987 m | ||
- koordinatar | 69°49′S 69°43′W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Stephensonfjellet 69.816666666667°S 69.716666666667°W | |||
Fjellet vart truleg først sett i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot, men ikkje rekna som ein del av Douglas Range. Det vart først kartlagd i 1936 av Stephenson, Fleming og Bertram under British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Austsida av fjellet vart kartlagd på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) som namngav det etter Alfred Stephenson, som var landmålar og leiaren for BGLE-laget til George VI Sound i 1936. Ei anna landform på Aleksanderøya er òg kalla opp etter Alfred Stephenson, Stephenson Nunatak.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.