Neil Young
From Wikipedia, the free encyclopedia
Neil Percival Young,[2] OC,[3] OM[4] (fødd 12. november 1945) er ein kanadisk musikar og låtskrivar som vert rekna som ein av dei viktigaste musikarane i sin generasjon.[5] Young starta solokarrieren sin i Canada i 1960, før han flytta til California i 1966, der han var med på å starte bandet Buffalo Springfield i lag med Stephen Stills. Seinare vart han medlem av Crosby, Stills & Nash som den fjerde medlemmen i 1969. Han la så ut på ei suksessrik og kritikarrost solokarriere. Debutalbumet hans kom ut i 1968 og karrieren hans har sidan gått over 40 år og over 30 album der han har utforska mange forskjellige musikkstilar.[5] Nettsida til Rock and Roll Hall of Fame skildrar Young som «ein av dei største låtskrivarane og musikarane i rock and roll».[6] Han er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, først som soloartist i 1995 og sidan som medlem av Buffalo Springfield i 1997.[7]
Musikken til Young er prega av den særeigne gitarstilen[8][9][10] og den spesielle falsett/tenor-stemma hans.[11][12] Sjølv om han òg spelar andre instrument, som piano og munnspel, er det den elektriske og akustiske gitarspelinga som definerer det varierte, grove og melodiske lydbiletet hans. Young har eksperimentert med forskjellige musikkstilar, som swing og elektronisk musikk, er han mest kjend for akustisk folkemusikk og countryrock, eller forsterka hardrock i samarbeid med bandet Crazy Horse. Young har òg nytta element frå nyare stilar som alternativ rock og grunge. Han har påverka grunge såpass mykje at han har vorte kalla «Gudfaren til grunge».[13]
Young har regissert (eller vore med-regissør) fleire filmar under psevdonymet Bernard Shakey, mellom anna Journey Through the Past (1973), Rust Never Sleeps (1979), Human Highway (1982), Greendale (2003) og CSNY/Déjà Vu (2008).
Young har vore ein frimodig talsperson for miljøsaker og velferda til småbønder, og var i 1985 med på å grunnleggje veldedigheitskonserten Farm Aid. I 1986 var Young med på støtte The Bridge School,[14] ein utdanningsorganisasjon for barn med store verbale eller fysiske funksjonshemmingar, og heldt årleg konsertane Bridge School Benefit i lag med kona Pegi Young. Young har tre born. Sønene Zeke (i lag med skodespelarinna Carrie Snodgress) og Ben som har cerebral parese og dottera Amber Jean. Young bur i dag på ranchen sin i La Honda i California. Sjølv om han har budd nord i California sidan 1970-åra og ofte syng om amerikanske tema, er han framleis kanadisk borgar.[15] 14. juli 2006 fekk Young Order of Manitoba.[4] Den 30. desember 2009 vart han offiser i Order of Canada.[3]