Parsifal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Parsifal, WWV 111, er ein tyskspråkleg opera i tre akter med tekst og musikk av Richard Wagner. Han er lausleg basert på Wolfram von Eschenbach sitt episke dikt Parzival frå 1200-talet, som handlar om kong Arthur sin riddar Parsival og hans leit etter den heilage gralen.
WWV 111 Opera av Richard Wagner | |||
Parsifal på veg til gralsborgen, illustrasjon av Ferdinand Leeke (1920) | |||
Periode | Romantikken | ||
---|---|---|---|
Urframføring | 26. juli 1882 | ||
Typisk lengd | ca. 4 ½ timar | ||
Satsar/akter | 3 aktar | ||
Libretto av | Richard Wagner |
Wagner fekk ideen til verket i april 1857, men fullførte det ikkje før 25 år seinare. Det var hans siste fullførte opera, og under komposisjonen utnytta han den spesielle akustikken til festspelhuset i Bayreuth. Parsifal vart først framført under den andre Bayreuth-festivalen i 1882. Bayreuth-festivalen hadde monopol på produksjonar av verket fram til 1903, då operaen vart framført ved Metropolitan Opera i New York.
Wagner beskreiv ikkje Parsifal som ein opera, men som Ein Bühnenweihfestspiel («eit festspel for heilaggjering av scena»). I Bayreuth har det oppstått ein tradisjon at publikum ikkje applauderer på slutten av første akt.
Wagner sin stavemåte «Parsifal», i staden for «Parzival» som han hadde brukt fram til 1877, var informert av ein av teoriane om namnet Percival, om at det er av persisk opphav, Parsi (eller Parseh) Fal, som betyr 'den reine (eller arme) dåre'.[1][2]