Den heilage gralen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den heilage gralen er i kristen mytologi ei skål, kopp eller kalk som blei brukt av Jesus ved det siste aftansmåltidet hans. Ifølgje legenda brukte Josef av Arimatea gralen til å fanga opp noko av Kristi blod medan han hang på krossen, noko som gav han mirakuløse eigenskapar. Josef tok deretter med seg gralen til Britannia, der han grunnla ein orden av gral-vaktarar. Leitinga etter gralen er eit tilbakevendande tema i Arthurlegendene og andre mellomalderromansar. At legenda blei så viktig nettopp på Dei britiske øyane, kan skyldast samanblanding med ei keltisk legende om eit kokekar med magiske evne. Ifølgje andre segner skal gralen ha stamma frå dronninga av Saba som gav han til kong Salomo. Sidan skulle Nikodemus ha fått tak i han og gitt han til Kristus.
Sjølve ordet «gral» kjem frå latin gradalis, som er namnet på ei skål med fleire trinn, og som ein nytta når ein serverte fleire småretter på ein gong.[1][2] Seinare har ho fyrst og fremst vore identifisert med kalken frå den siste nattverden. I domkyrkja i Valencia finst det ein svært gammal kalk som er forbunden med legenda. Ein annan kalk som var i Genova blei tidlegare hevda å vera gralen, men då han blei skadd i ei ulykke under transport frå Paris etter at Napoleon fall, viste det seg at «smaragden» på denne kalken var av glas, og etter dette er han sjeldan blitt nemnt som ein kandidat til å vera den ekte gralen.
Mellomalderforma av grallegenda kan sporast attende til ei gotisk legende. Ho blei skriven ned på slutten av 1100- og byrjinga av 1200-talet. Dei tidlegaste versjonane var sentrerte kring Parsifal, og blei etter kvart fletta inn i eldre former av Arthur-legenda. Gralromansane hadde opphavet sitt i Frankrike, og blei omsett til fleire språk. Det er i dei franske versjonane at ein finn dei aller fleste elementa som inngår i legenda.