Pátmos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pátmos (gresk Πάτμος) er ei øy i Hellas og den nordlegaste øya i Dodekanesane i Egearhavet. Ho har om lag 3 000 innbyggjarar og eit areal på 34,6 km². Det høgaste punktet er Profítis Ilías på 269 moh.
Pátmos Lokalt namn Πάτμος | |
---|---|
Skála på Pátmos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°19′N 26°30′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 34,6 km²
|
Høgaste punkt | Profitis Ilias (269 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kálymnos |
Største busetnad | Pátmos (612 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 3 283 (2021[1]) |
Folketettleik | 94,9 /km² |
Pátmos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kálymnos er hovudstad i periferieininga.
Dei største landsbyane på øya er Khóra eller Pátmos (hovudbyen) og Skála, den einaste kommersielle hamna. Andre landsbyar er Gríkos og Kámbos. Aust for Pátmos ligg øygruppene Arkí, som høyrer til Pátmos kommune, og Lipsí, som er eigen kommune.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Pátmos 3 283 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 612 innbyggjarar.[1]
Pátmos er mest kjend for å vere nemnd i Johannes' openberring, og forfattaren apostelen Johannes var i eksil på Pátmos då han skreiv boka. På grunn av dette har Pátmos vore ein kristen pilegrimstad. Pilegrimar og turistar kan sjå grotta der Johannes fekk openberringa si. Fleire kloster på øya er tileigna Johannes.
Sommaren 2006 vart det historiske sentrumet på øya (Khóra) med St. Johannes-klosteret og openberringsgrotta ein del av UNESCO si verdsarv.