From Wikipedia, the free encyclopedia
Qigong eller qi gong (tradisjonell kinesisk 氣功; forenkla kinesisk 气功; pinyin qìgōng) er puste- og rørsleteknikkar som vart utvikla i Kina for fleire tusen år sidan. Qi er det kinesiske ordet for livskraft eller livsenergi. Gong kan omsetjast med å praktisere eller arbeide med. Metoden består av mental konsentrasjon, enkle rørsler og anding for å dyrka, balansera[1] og betra sirkulasjonen av denne energien i kroppen.[2]
Qigong vart utvikla i Kina som ein av fem hovudmetodar innan tradisjonell kinesisk medisin som har som føremål å førebyggja og behandla sjukdomar.[3] Kinesisk filosofisk og åndeleg tradisjon og kampkunst har også bidratt til utviklinga av qigong.[2] Qigong-teknikkane omfattar meditasjon, avslapping, pusteøvingar og kampkunstelement som skal styrka qi og distribuera det til alle delane av kroppen.[4] Teknikkane skal gjere kroppen betre i stand til å lækje seg sjølv. Energibanane i kroppen skal verte stimulerte slik at qi kan strøyme fritt. Dette skal gje indre balanse og avspenning i kroppen og i sinnet, og påverke indre organ og livsprosessar på ein positiv måte. Saman med den nærskylde forma taijiquan er qigong utbreidd i Kina og resten av verda som ein trenings- og helseteknikk.
Nemninga «qigong» som ho er brukt i dag vart framheva på 1940- og 1950-talet for å visa til ei vid rekkje kinesiske sjølvutviklingsteknikkar, og for å vektlegga helsetilknytingar og ta bort vekt frå åndelege tilknytingar, mystisisme og opphøgde tradisjonsliner.[5][6][7]
Tidlege former for qigong finst omtalt i minst 2300 år gamle klassiske kinesiske tekstar som inneheld treningsråd innan emnet. Qigong vart då kalla neigong eller daoyin.[8] Det finst også ei rekkje taoistiske tekstar som har referansar til qigong både frå 300- og 500-talet f. Kr.[9][10] Historisk vart qigong formidla innan familien eller frå lærar til elev, og vart i stor grad halden hemmeleg. Etter opprettinga av Folkrepublikken Kina i 1949 vart treningsforma akseptert av kinesiske leiarar. Termen qigong vart spreidd og dei tradisjonelle øvingane vart systematiserte og lært ut til breiare grupper av folket med føremålet å styrka folkehelsa. I dag finst det qigongavdelingar på fleire kinesiske sjukehus.[2]
Gjennom historia har ei rekkje ulike former av qigong utvikla seg i ulike delar av det kinesiske samfunnet.[11] I tradisjonell kinesisk medisin har det brukt for å lækja og førebyggja dårleg helse;[12] innan konfutsianisme for å styrka langt liv og forbetra moralsk karakter;[1] innan taoisme og buddhisme som del av meditasjonspraksis;[13] og innan kinesisk kampkunst for å styrka kampevner.[6][14] Moderne qigong blandar gjerne fleire ulike tradisjonar, særleg den taoistiske meditative praksisen kalla «indre alkymi» (neidan 內丹術), eldgamle meditative praksisar med å «sirkulera qi» (xing qi 行氣) og «ståande meditasjon» (zhan zhuang 站桩) og den sakte gymnastiske pusteøvinga av å «leia og trekka» (dao yin 導引). Tradisjonelt vart qigong lært frå ein meister til elevar gjennom trening og munnleg overlevering, med hovudvekt på meditativ praksis blant lærde og gymnastisk eller dynamisk praksis blant arbeidarar.[15]
Frå slutten av 1940-talet og inn på 1950-talet prøvde styresmaktene i kommunistiske Kina å samla ulike former for qigong i eit felles system, med føremål om å danna eit vitskapleg grunnlag for utøving av qigong. I 1949 innførte Liu Guizhen namnet «qigong» for systemet han og kollegaene hans hadde utvikla basert på dao yin og andre filosofiske tradisjonar.[16] Dette forsøket er rekna av nokre sinologar som byrjinga på den moderne tolkinga av qigong.[17][18][19] Under Det store spranget (1958–1963) og Kulturrevolusjonen (1966–1976) var qigong, i lag med annan tradisjonell kinesisk medisin, strengt kontrollert med avgrensa tilgang for allmugen, men vart framheva i statlege rehabiliteringssenter og spreidde seg til universitet og sjukehus. Etter Kulturrevolusjonen var qigong og taiji populære som dagleg morgongymnastikk utført i store grupper i heile Kina.
Populariteten til qigong voks under styret til Deng og Jiang etter at Mao Zedong døydde i 1976 og fram til 1990-talet, med estimat på mellom 60 og 200 millionar utøvarar i Kina. I lag med populariteten og statleg oppmuntring kom kontroversar og problem: Påstandar om særskilde evner på grensa til det overnaturlege, pseudovitskaplege forklaringar for å auka truverdet,[20] ei sinnsliding kalla qigong-avvik,[19] skipinga av kultar og overdrivne påstandar av meistrar for personleg vinst.[5][21] I 1985 vart ein statleg nasjonal organisasjon for qigong-vitskap og forsking skipa for å regulera qigong-rørsler i landet.[22] I 1999 tok kinesiske styresmakter steg for å halda kontroll på offentleg utøving av qigong, etter at mange gamle åndelege, moralske og mystiske tradisjonar var blitt gjenoppliva og kunne danna trugsmål mot statleg kontroll. Qigong-klinikkar og sjukehus vart stengde, og visse grupper som Zhong Gong og Falun Gong vart forbodne.[7]:161–174[23] Sidan 1999 har qigong-forsking og utøving berre hatt offisiell støtte i ein helsekontekst. Den kinesiske helse-qigongorganisasjonen som vart skipa i 2000 regulerer strengt offentleg utøving av qigong, med avgrensing av offentlege samlingar, krav om statleg godkjend opplæring og sertifisering av lærarar. Alt anna enn statleg godkjende former er forbode.[24][25]
Gjennom kinesisk utvandring og diaspora, turisme i Kina og globalisering har qigong spreidd seg gjennom heile verda. I dag driv millionar av menneske med qigong, og trur på fordelane med utøvinga i varierande grad. Som i det historiske opphavet til praksisen er folk med interesse for qigong frå ulike bakgrunnar og driv med det av forskjellige grunnar, som fritidssyssel, trening, avslapping, helseførebygging, meditasjon, for åndelege føremål eller som del av kampkunsttrening.
Qigong omfattar ei brei rekkje ulike praksisar som koordinerer kropp (調身), pust (調息) og medvit (調心) i tråd med kinesisk filosofi.[26][27] Utøving kan inkludera rørsle og stillesitjing, meditasjon, massasje, messing, lyd-meditasjon og behandling utan nærkontakt, i ei rekkje ulike positurar. Qigong vert vanlegvis delt inn i to grunnleggjande kategoriar: 1) dynamisk eller aktiv qigong (dong gong), med sakte, flytande rørsler, og 2) meditativ eller passiv qigong (jing gong), med stille posisjonar og indre rørsle av pusten.[28]:21770–21772 Frå eit terapeutisk perspektiv kan ein klassifisera qigong i to system: 1) indre qigong, som set fokus på sjølvbehandling og sjølvutvikling, og 2) ytre qigong, som omfattar behandling av ein terapeut som leier eller overfører qi.[29]:23-24
Som meditasjon i rørsle handlar utøving av qigong vanlegvis om å koordinera sakte, stiliserte rørsler, djup magepusting og roleg mentalt fokus med visualisering av at ein leier qi rundtom i kroppen. Som regel kan former av qigong karakteriserast som ei blanding av fire utøvingsmåtar: Dynamisk, statisk, meditativ og med hjelp utanfrå.
Det finst talrike former for qigong. 75 eldgamle former finst i gammal litteratur, medan 56 vanlege moderne former er blitt omtalte i eit qigong-kompendium.[42]:203–433 Lista er ikkje utfyllande.
Anten ein ser på qigong frå eit trenings-, helse-, kampkunst- eller filosofisk perspektiv har utøvinga fleire hovudprinsipp:[1][35][43][44]
Tilleggsprinsipp:
Avanserte mål:
Dei mest avanserte formene vert generelt rekna for å ha lite eller inga rørsle.
I dagens Kina har ein gått vekk frå å knytta qigong til tradisjonell filosofi, åndeleg utvikling og folkeminne til å vektleggja helseeffekt, tradisjonell medisinsk bruk, kampkunst og vitskapleg tilknyting i samband med utøvinga.[5][7] Qigong blir no praktisert av millionar av menneske over heile verda, hovudsakleg for helseføremål, sjølv om mange utøvarar også kan ha tradisjonelle filosofiske, medisinske eller kampkunstperspektiv, og kan sjå den lange historia til qigong som prov på verknaden.[11][43]
Qigong er vorte anerkjend som ein «standard medisinsk teknikk» i Kina sidan 1989, og kan vera del av medisinutdanninga ved større kinesiske universitet.[45]:34 Den engelske omsetjinga av den offisielle læreboka i medisin i Kina[46]:iv,385 definerer kinesisk medisinsk qigong som «the skill of body-mind exercise that integrates body, breath, and mind adjustments into one» og legg vekt på at qigong byggjer på adjustment (tiao 調, også omsett som regulation, tuning og alignment) av kropp, pust og sinn.[46]:16–18 Qigong er dermed rekna som meir enn vanleg fysisk trening, fordi det kombinerer haldning, pust og mental trening i eitt for å oppnå ein viss psykofysiologisk tilstand.[46]:15 Medan KMQ framleis byggjer på tradisjonell og klassisk teori, legg moderne utøvarar også vekt på eit sterkt vitskapleg grunnlag.[46]:81–89 Ifølgje den offisielle tekstboka for KMQ har qigong talrike fysiologiske effektar, mellom anna forbetring av respiratorisk og kardiovaskulær funksjon, og kanskje nevrofysiologisk funksjon.[46]:89–102
Særleg sidan 1990-talet har ein ofte prøvd å følgja den evidensbaserte modellen for medisin med randomiserte kliniske testar av metoden.[47][48] Sjølv om nokre kliniske testar har støtta ideen om at qigong kan vera effektivt i behandling av tilstandar diagnostiserte innan skulemedisin er kvaliteten av desse studiane for det meste låg, og sett i samanheng er resultata blanda.[49]
Qigong kan nyttast av utøvarar av alternativ eller komplementær medisin i lag med vanleg medisinsk behandling.[28]:22278–22306
Metoden kan brukast av folk i alle aldersgrupper, åleine eller i grupper, med låg risiko. Det er ei form for fysisk aktivitet som kan vera gunstig for dei fleste. Det finst også forsking som viser at det kan hjelpa mot smerte, søvnproblem og mentale lidingar som depresjon. Bortsett frå dette finst det lite prov for at qigong skal kunna førebygga eller lækja andre helseproblem.[50] [29]:26
Ein kan driva med qigong av mange ulike grunnar – som fritidssysel, trening og avslapping, førebyggjande medisin og sjølvlækjing, meditasjon og sjølvutvikling og i samband med kampkunsttrening. Utøvinga kan gjerast åleine eller i grupper, inne eller utandørs. Utøvarar kan vera godt trente eller ha rørslevanskar. Sidan qigong har låg intensitet og kan utførast liggjande, sitjande eller ståande kan teknikken utøvast av rørslehemma, eldre og folk som kjem seg etter skadar.[1]
Qigong er generelt rekna som trygt.[51] Ein har ikkje funne negative effektar i kliniske forsøk, så utøvinga er rekna som trygg blant ulike befolkningsgrupper. Kostnaden er liten, og kostnadseffektiviteten er høg for ei gruppe som får tilbod om å utøva qigong.[52][53][52] [54]
Utøving av qigong er ein viktig del i både indre (neijia) og ytre stilar innan kinesisk kampkunst.[13] Qi-fokus er rekna som ei kjelde til kraft og ein grunnstein innan neijia. Taijiquan, xingyiquan og baguazhang er døme på former for kinesisk kampkunst som byggjer på qi-konseptet som grunnlag.[55] Uvanlege verk som evna til å stå imot kraftige slag ('jernskjorte', 鐵衫)[56] og evna til å slå sund harde objekt ('jernhand', 鐵掌)[57][58] vert til dømes tillagt trening i qigong.
Taijiquan er ei utbreidd form for indre kinesisk kampkunst som byggjer på taiji-teorien. Forma er nært i slekt med qigong, og omfattar typisk meir komplekse koreograferte rørsler koordinert med pust som kan utførast sakte for helse og trening, eller raskt for sjølvforsvar. Mange lærde reknar taijiquan som ei form for qigong, spora tilbake til eit opphav på 1600-talet. I moderne utøving fokuserer qigong gjerne meir på helse og meditasjon heller enn kampkunst, og speler ei viktig rolle i trening for taijiquan, særleg i samband med å byggja styrke, utvikla pustekontroll og auka livskraft.[30][59]
Qigong vert praktisert i samband med meditasjon og sjølvutvikling som del av ulike filosofiske og åndelege tradisjonar. Som meditasjon er qigong eit middel for å stilna tankane og gå inn i ein medvitstilstand som gjev sinnsro, klarheit og lukkekjensle.[13] Mange utøvarar føler at qigong med sine rolege, fokuserte rørsler er meir tilgjengeleg enn sitjande meditasjon.[43]
Qigong for sjølvutvikling kan klassifiserast etter tradisjonelle kinesiske filosofiretningar: Taoistiske, buddhistiske og konfutsianske.
I Danmark har ein drive med qigong sidan slutten av 1960-talet. I Noreg vart Norsk Taiji Senter, som driv med taiji og qigong, opna i 1983.[60] I Sverige vart qigong populært på 1990-talet. I Sverige finst det truleg eit tjuetals hovudmetodar i bruk, der dei mest kjende er Biyun-metoden og Zhineng qigong.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.