From Wikipedia, the free encyclopedia
Riftdalsjøane er ei gruppe innsjøar i Den austafrikanske Riftdalen som går gjennom Aust-Afrika frå Etiopia i nord til Malawi i sør, og omfattar Dei store sjøane i Afrika i sør. Dei omfattar nokre av verdas eldste, djupaste og største innsjøar, både etter areal og volum. Mange er ferskvass-økoregionar med stort biologisk mangfald, medan andre alkaliske «natronsjøar» inneheld særskilt spesialiserte organismar.
Riftdalsjøane er velkjende for utviklinga av minst 800 artar av ciklidefiskar som finst i vatna deira. Det er venta at ein vil finna fleire artar.[1]
Denne artikkelen listar opp dei større sjøane i gruppa, hovudsakleg frå nord til sør.
Dei etiopiske Riftdalsjøane er dei nordlegaste av Riftdalsjøane. I sentrale Etiopia delar den etiopiske hovudrifta, også kjend som Den store Riftdalen, det etiopiske høglandet i nordlege og sørlege halvdelar, og dei etiopiske Riftdalsjøane ligg nedst i Riftdalen mellom dei to høglanda. Dei fleste av dei etiopiske innsjøane i Riftdalen har ikkje utløp, og dei fleste er alkaliske. Sjølv om dei etiopiske innsjøane i Riftdalen har stor tyding for økonomien i Etiopia, i tillegg til at dei er avgjerande for overlevinga til lokalbefolkninga, har det ikkje funne stad nokre intensive og omfattande limnologiske studiar av desse innsjøane før inntil nyleg.[2]
Dei største sjøane er:
Tanasjøen, kjelda til Den blå Nilen, ligg i dei etiopiske høglanda nord for Riftdalen, men er ikkje ein Riftdalsjø.[3]
Sør for det etiopiske høglandet deler riftdalen seg i to store delar. I den austlege rifta ligg dei kenyanske innsjøane i Riftdalen, medan dei fleste av dei sentralafrikanske Riftdalsjøane ligg i den vestlege rifta. Dette området inkluderer Gregoryrifta i Kenya og Tanzania.
Den kenyanske delen av Riftdalen omfattar åtte sjøar, tre av dei mest ferskvatn og resten alkaliske. Av dei sistnemnde har dei grunne alkaliske vatna i den austlege Riftdalen krystallisert salt som gjer breidda kvit og er kjende for dei store flokkane flamingo som lever på krepsdyr her.
Alle sjøane i den tanzanianske delen av denne gruppa er alkaliske:
Sjøane i den vestlege rifta eller Albertinerifta, med Victoriasjøen, omfattar dei største, djupaste og eldste Riftdalsjøane. Dei blir også kalla dei sentralafrikanske sjøane. Sjøane Albert, Victoria, og Edward er del av nedslagsfeltet til Nilen.
Victoriasjøen (høgd 1134 m), med eit areal på 68800 km², er den største innsjøen i Afrika. Han ligg ikkje i Riftdalen, men i ei senking mellom den austlege og vestlege rifta danna av hevinga til riftene på kvar side. Innsjøane Victoria, Tanganyika og Malawi blir tidvis kalla Dei store sjøane i Afrika.
Dei vestlege Riftdalsjøane er ferskvassjøar og husar ei rekkje ulike artar. Det finst rundt 1500 ulike ciklideartar (Cichlidae) i desse sjøane. I tillegg til ciklidane finst det bestandar av Clariidae, Claroteidae, Mochokidae, Poeciliidae, Mastacembelidae, Centropomidae, karpe Clupeidae og andre fiskefamiliar her. Sjøane danna også viktige habitat for fleire amfibium, som Amietophrynus kisoloensis, Bufo keringyagae, Cardioglossa cyaneospila og Nectophryne batesii.
Dei sørlege Riftdalsjøane liknar dei vestlege Riftdalsjøane ved at dei, med eitt unntak, er ferskvassjøar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.