From Wikipedia, the free encyclopedia
Rigg er overomgrepet for alle deler på ein seglbåt eller -skip som har med sjølve seglinga å gjere. Det vert skild mellom ståande rigg, løpande rigg og segl. Ståande rigg er delar som under vanleg segling ikkje vert flytta på, som mast, stag og vantar. Løpande rigg er derimot alle deler som vert nytta under seglinga for å styre segla, som fall (tau for å heise segl), eller skot som forandrar stillinga til segla og forma etter vindtilhøva.
Eit anna omgrep for heile riggen på eit seglfartøy er takkelasje. Å avtakle syner til å rigge ned takkelasjen på eit skip.
Boven- tyder over eller øvre og blir brukt som forstaving i samansette ord, spesielt rundt riggen til eit seglskip. Bovenbramstonga, forlenginga av bramstonga, ber bovenbramråen og bovenbramseglet, seglet over bramseglet. Bovenbramstonga blir støtta ved hjelp av bovenbrambarduner og -stag. No kallast bovenbramsegl røyl, som kjem av det engelske royal; derav dei samansette ord røylrå, -stang, -bardun, -stag med meir.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.