Sámos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sámos (gresk Σάμος) er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg mellom Khíos i nord og øygruppa Dodekanesane i sør. Nærast av desse øyane er Pátmos. I tillegg ligg Sámos like utanfor kysten av Tyrkia og området som tidlegare vart kalla Jonia.
Kjappe fakta Sámos Lokalt namn Σάμος, Geografi ...
Sámos Lokalt namn Σάμος | |
---|---|
Utsyn frå Vathý mot hamna i Sámos by | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°44′N 26°50′E |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane
|
Areal | 476 km²
|
Høgaste punkt | Vígla (1 433 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei nordlege egeiske øyane Sámos |
Største busetnad | Sámos by (5 900 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 32 642 (2021[1]) |
Folketettleik | 68,6 /km² |
Close
Tidlegare hadde Sámos fire kommunar og var i lag med naboøyane Ikaría og Foúrni administrert som ein del av Sámos prefektur. Frå 2011 er vart Sámos eiga periferieining i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2] Frå 2019 omfattar øya dei to kommunane Vest-Sámos og Aust-Sámos.[3]