From Wikipedia, the free encyclopedia
Sinjar-distriktet (kurdisk Şengal, Şingal eller Şingar) er eit distrikt i Ninive guvernement i Irakisk Kurdistan. Det administrative setet er byen Shingal. Distriktet har to underdistrikt, al-Shemal og al-Qayrawan. Distriktet er eit av to store folkesenter for jesidiar. Det andre er Shekhan-distriktet.[1]
Sinjar-distriktet | |||
Shingal-distriktet | |||
Distrikt | |||
Jesiditempelet i Sinjar i 2004. | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
guvernement | Ninive | ||
Koordinatar | 36.29°N 41.60°E | ||
Adm. senter | Shingal | ||
Areal | 2 928 km² | ||
Folketal | 166 466 (2003) | ||
Grunnlagd | 1934 | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Sinjar-distriktet 36.3225°N 41.86416667°E | |||
Kart som viser Sinjar-distriktet.
| |||
Wikimedia Commons: Sinjar District | |||
Distriktet vart oppretta i 1934.[2]
I august 2014 pågjekk kringsetjinga av Sinjarfjella mellom militante sunnimuslimar frå Den islamske staten (ISIL) og kurdiske Peshmerga, som førte til masseutvandring av innbyggjarane, særleg jesidiane, som av Den islamske staten vart kalla «djeveldyrkarar» etter Peshmerga vart slått.[3]
Ein kurdisk Peshmerga-leia offensive skjedde frå 17. til 21. desember 2014, som førte til slutten på kringsetjinga av Sinjarfjella og frigjorde området frå IS.
I følgje kurdiske kjelder vart det funne ni jesidiske massegraver etter offensiven. Atten jesidiske heilagdomar vart øydelagd av IS sidan juni 2014.[4]
Distriktet grensar til og har ein grenseovergang til Syria.[5] Distriktet ligg 136 km frå byen Mosul, hovudstaden i Nineveh guvernement.[2] Sinjarfjella ligg i distriktet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.