Ninive guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ninive guvernement (også skrive Ninawa, arabisk محافظة نینوى, romanisert Muḥāfażat Naynawā) er eit guvernement nord i Irak kring den assyriske oldtidsbyen Ninive. Det var ein viktig del av Assyria frå 2400-talet fvt. til 600-talet evt. Det har eit areal på 37 323 km² og kring 2,5 millionar innbyggjarar. Den største byen og provinshovudstaden er Mosul, som ligg på andre sida av Tigris frå ruinane av oldtidsbyen Ninive. Tal Afar er den nest største byen. Før 1976 vart det kalla Mosul guvernement og omfatta dagens Dohuk guvernement.
Området er etnisk, religiøst og kulturelt mangfaldig og har vore utsett for åtak frå terroristorganisasjonen Den islamske staten, som erobra Mosul 10. juni 2014, og øydela mange religiøse stader og historiske ruinar og monument.[2] Ein massiv offensiv for å ta attende byen vart sett i gang i oktober 2016.[3][4]
Remove ads
Geografi
Guvernementet grensa til Dohuk guvernement i nord, Erbil guvernement i aust, Saladin guvernement i søraust og Al Anbar guvernement i sør. I vest grensa det til Syria, hovudsakleg Al-Hasakah guvernement, i tillegg til Deir ez-Zor guvernement i sør.
Administrative distrikt
Ninive guvernement består av 30 distrikt:
Makhmur-distriktet, Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet var tidlegare ein del av Ninive guvernement og har vore styrt av styresmaktene i Irakisk Kurdistan, sidan Mosul ikkje hadde kontroll over desse distrikta. I dag er Makhmur-distriktet ein del av Erbil guvernement. Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet er ein del av Dohuk guvernement.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads