From Wikipedia, the free encyclopedia
Skald (norrønt skáld) var nemninga på diktaren og historieforteljaren (talaren) i det norrøne samfunnet. Opphav og tyding av ordet «skald» er omdiskutert.[1] Skaldskap eller skaldedikting er ei av dei to hovudgruppene i norrøn poesi. Den andre er Edda-poesien.
Skalden hadde oftast ein høg status i det norrøne samfunnet og han kom ofte frå ei mektig ætt. Mange skaldar var òg menn med stor makt og prestisje, som til dømes Bjarne Kolbeinsson som var ein mektig og rik biskop på Orknøyane og Skafte Toroddsson som var ein mektig hovding og lovseiemann på Island. Skalden kunne bli omtala som skaldmann (skaldmaðr) eller songdiktar (ljoðasmiðr) og ein kvinneleg skald vart kalla skaldkone (skaldkona) eller skaldmøy (skaldmær). Dei beste vart kalla hovudskald (höfuðskáld) eller storskald (Þjóðskáld), medan ein dårleg fekk omtale som ein «udugeleg skald» (skaldfifl).
Skaldane var ofte i teneste hjå kongane eller andre stormenn og dei hadde gjerne ein høg posisjon i fyrsten sitt følgje. Til dømes fekk Sigvat Skald tittelen stallare i hirda til Olav den heilage og Sturla Tordsson var skutilsvein (riddar) i hirda til Magnus Lagabøte. Skaldekvadet vart tillagt stor verdi og ofte lønt med verdfulle gåver i «brageløn», det kunne vere gullringar, gode våpen, praktfulle klesdrakter og reie pengar i sølv.[Note 1] Eit dikt kunne òg nyttast som skadebot, i staden for gull, og Arinbjørn herse brukte ein gong dette argumentet:[Note 2] «Om Egil har sagt vonde ord mot kongen, så kan han bøta det med slike lovord som vil minnast i alle tider».
Skaldskap var rekna som eit handverk og det å kunne gjere dikt er nemnt i sogene som ein av idrottane. Ragnvald jarl gjorde eit dikt om seg sjølv, der han skryt av at han kan ni idrottar; den niande var skaldeyrket.[Note 3] Frå gamalt heitte det å dikte «å yrkja» (yrkja kvæði) og diktaren kunne kalle seg «smed» (ljoðasmiðr). Ein som skulle bli ein god skald, måtte ha særlege medfødde eigenskapar og stor livserfaring, men han måtte òg ha opplæring. Ein ung skald gjekk gjerne i lære hjå ein erfaren skald, slik som det er nemnt at Einar Skålaglam gjekk i lære hjå Egil Skallagrimsson. Skalden måtte gjennom eit grundig studium (nám) for å tileigne seg historiekunnskapar og kjennskap til samtidige fyrstar og livstilhøve i dei norrøne landa. Ikkje minst måtte han vere godt kjend med norrøn mytologi og han måtte lære seg dei ulike verseformene og dei poetiske omskrivingane (kjenningane).
Alle dei kjende skaldane var enten norske eller islandske. Det er òg eit særdrag at særs mange av dei kom frå det ein kan kalle skaldeslekter. Éi slekt var etterkomarane av Brage den gamle (Boddason), som vart kalla Gilsbekkingane, der ein t.d. finn Tind Hallkjellsson og Gunnlaug Ormstunge. Ei anna slekt var Kvelduvslekta (Myramennene) der ein finn Egil Skallagrimsson, Olve Nuva og Einar Skulason og fleire. Sturlungane si mektige slekt fostra mange skaldar, som til dømes Snorre Sturlason, Sturla Tordsson, Olav Tordsson (Kvitskald) og Steinvor Sigvatsdotter. Det er mange døme på at skaldeyrket gjekk i arv til son og soneson (eller dotterson) og at brør kunne begge vere dugande og kjende skaldar.
Mange skaldar hadde framståande stillingar i samfunnet, og i mange høve fekk dei høge ombod i kongen si hird. Det er mange døme på at skaldane reiste vide, både som handelsmenn og som pilegrimar til det heilage landet. Det var ikkje uvanleg at dei vitja kongar og stormenn i dei andre skandinaviske landa og England, der dei oftast vart tekne vel imot og vist stor vørdnad.
Dei eldste kjende skaldekvada blir tillagt skalden Brage den gamle og hans dikt «Ragnarsdråpa»[2] (om Ragnar Lodbrok) er kanskje det aller eldste skaldekvadet som er kjent. Brage var mest truleg norsk og levde på byrjinga av 800-talet. Men det fanst opplagt andre skaldar på hans tid og i Skaldatal[3] er til dømes nemnt Erp lutande, Fleinn Hjørsson, Ulf Orage og fleire.
Ein kjenner til berre nokre få kvinnelege skaldar, som Jorunn Skaldmøy, Hild Rolvsdotter, Steinunn Revsdotter og Steinvor Sigvatsdotter. Sistnemnde er den einaste kvinnelege skalden som er nemnt i Skaldatal[3].
I den eldste tida vart hendingar, utsegn og skaldekvad ikkje nedskrivne, men vart hugsa og fortalt vidare frå generasjon til generasjon. Unntaka er dei anonyme runeinnskriftene, oftast var dei særs kortfatta men nokre av dei gir òg eit innblikk i skaldekunsten. Eksempel på dette er:
Men langt dei fleste skaldekvada vart ikke nedskrivne, dei vart lærte og levde vidare på folkeminnet. Den faste, til dels rimbundne forma på skaldekvada gjorde at dei vart hugsa, og hugsa rett, og dei var ofte høgt verdsett for di dei kunne avgjere ettermælet for ein person, noko som var særs viktig for folk i norrøn tid. I Håvamål[7] er det uttrykt det slik (i vers 77): «Eitt eg veit som aldri døyr, dom om daudan kvar». Dette kunne sjølvsagt òg gjelde eit negativt ettermæle, som kunne skuldast eit nidvers.
I fortalen til Heimskringla[8] skreiv Snorre sjølv mellom anna at ingen skald ville våge å kome med løgn og urette opplysningar om ein mann: «Det ville da vere hån og ikkje ros».
Kongar og stormenn hadde gjerne ein eller fleire skaldar knytt til seg, til dømes skal både kong Sverre og kong Harald Hardråde ha hatt ikkje mindre enn tretten av dei. Mange av skaldane fungerte som kongelege historiografar og skulle sørge for at liv og lagnad, og ikkje minst storverka til kongen, vart hugsa for ettertida. Slik vart skaldane sine dikt ofte den beste, og sikraste, kjelda for dei som seinare skulle skrive ned historiske hendingar. Dette ser ein ikkje minst i Snorre sitt historieverk, Heimskringla, der mykje av innhaldet er dikta av Snorre, men med dei grunnleggande fakta basert på opplysningar som han fann i dei gamle skaldeversa.
Skalden kunne nok i mange høve mistenkast for å prise ein konge mest positivt, og ikkje nemne slikt som han visste at kongen mislikte, men det hende òg at skalden kunne vere refsande, og han kunne uttrykke kritiske meiningar om ein person eller ei hending. I diktet «Bersoglisviser»[9] retter Sigvat Skald ei kritisk åtvaring til kong Magnus den gode, og skalden Tjodolv Arnorsson hevdar i ei vise[10] at kong Harald Hardråde baud ut hærtoget til England i 1066 «utan god grunn» (þarflaust).
Men skalden gjorde ikkje berre dikt om historiske personar og hendingar. Dei var òg diktarar, som poetane i vår tid, som kunne gjere dikt om kjensler, om sorg og glede. Særleg finn ein eit sterkt uttrykk for dette i Egil Skallagrimsson sitt lyriske dikt «Sonetapet» (Sonatorrek) der han uttrykker si sorg over tapet av sonen. Like uttrykksfullt er Odd Kikinaskald sitt vers om sorga han kjende etter at kong Magnus den gode var død.
Skaldediktinga (skaldskapr) var nært knytt til norrøn mytologi og henta mykje av sine diktariske motiv derifrå. Det var guden Odin som var opphavet til skaldekunsten då han stal skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung og gav han til æsene og dei folk som kan dikte. I Håvamål[7] er nemnt dette (vers 110):
|
|
Sonen til Odin, guden Brage, skal ha vore den største av alle skaldar.
Den eldste delen av dei norrøne skaldekvada er samla i bokverket som blir kalla Den eldre Edda[12][13] (Den poetiske Edda eller Sæmunds Edda). Det er ikkje kjent kven som opphavleg dikta eddadikta og dei fleste vart ikkje nedskrivne før på 1200-talet. Ein deler gjerne dikta i to grupper:
Omkring 1220 forfatta Snorre eit verk som blir kalla Snorre-Edda[14] eller Den yngre Edda, og det inneheld bolkane:
I Snorre-Edda gjorde Snorre greie for dei norrøne skaldane og dikta deira og gav forklaringar omkring versemål og biletspråk. Grunnleggande element i skaldespråket var bruk av poetiske omskrivingar:
I Snorre sitt arbeid vart samla all den kunnskapen som var naudsynt for å kunne bli ein god skald, men arbeidet hans var òg særs viktig for at folk, både i hans samtid og i vår tid, fekk tilgang til og full forståing av den norrøne skaldediktinga.
Det finst mange ulike typer av skaldekvad, dei viktigaste og mest brukte var desse:
Etter innhaldet kunne kvada bli karakterisert med ulik namn:
Versemålet var særs kompleks og kunne bli utforma i mange variantar. Dei viktigaste hovudgruppene var:
Andre norrøne versemål var edda-verseformene:
Orda innan eit vers eller ein setningslekk i eit skaldedikt, kjem sjeldan i ei rekkefølge som fell naturleg for ein lesar i dag. Sentrale ord og uttrykk kan vere plassert i ulogisk orden å sjå til, men dette kan ha blitt gjort av omsyn til rimmønsteret og for å oppnå ei flytande rytme (“klang”) i diktet, eller for å forsterke meininga med strofa. Dei fleste av skaldekvada har ei slik utforming, slik som eksempelet her frå Håkonardråpa[27] av Tind Hallkjellsson, frå det tredje verset:
I «Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning» (s.136 - sjå kjelder) har Finnur Jónsson ordna strofa til «normal» rekkefølge og omsett (til dansk) slik:
Skaldatal[3] er ei liste over norske og islandske skaldar, truleg påbyrja tidleg på 1200-talet av Snorre. Lista er ordna etter den tilknytinga skaldane hadde til ulike kongar, jarlar eller andre stormenn. Til saman inneheld lista namn på 148 skaldar, men ein kjenner i dag til meir enn 440 skaldenamn[28][29] frå norrøn tid. I dei andre norrøne kjeldene finst det ofte gode opplysningar om mange av skaldane, om kven dei var, om familien deira og om dikta dei skapte, medan for andre kjenner ein kanskje berre namnet og ikkje noko om livet deira. I mange høve nemner kjeldene skaldekvad som skal ha blitt gjort, men som i dag er bortkomne.
Det ein legg i omgrepet «skaldedikting», er den delen av den norrøne diktinga som er gjort av namngitte skaldar. Ein reknar likevel med mellom skaldedikta mange dikt som er anonyme, det vil seie at namnet på skalden er ikkje kjent eller er usikkert. Dett gjeld nokre av dei sentrale skaldedikta, som til dømes Málsháttakvæði, Bjarkamál og Darraðarljóð.
Det blir vel helst i vurderingssak om kven som var dei største skaldane, men det er ikkje tvil om at skaldar som Einar Skulason, Egil Skallagrimsson, Sigvat Skald, Ottar Svarte og Arnor jarlaskald skil seg ut som særs gode skaldar. Dei var òg særs produktive og mange av dikta deira er i dag kjende og høgt verdsette.
Dei om lag 300 åra før 1100 blir rekna som skalde-tidsrommet, og tida omkring 1100-1300 blir rekna som perioden då den norrøne litteraturen, sogene, kvada og lovene, vart omsett og nedskrivne. Skaldepoesien heldt rett nok fram ei tid av denne perioden, men i stadig mindre omfang, og kom etter kvart i forfall. Den kristne, religiøse poesien tok overhand og i tida etter at svartedauden hadde herja (1349), var skaldane, og dermed skaldediktinga, borte.
Ordet «skald» blir no brukt tvitydig, i humoristisk eller høgtideleg tyding om diktarar, musikarar og andre tradisjonsbærarar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.