Skald forlag
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skald forlag ligg i Leikanger i Sogndal kommune, ved Sognefjorden i Vest-Noreg. Forlaget vart etablert i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal.
Forlaget gjev ut mellom anna foto-, kunst- barne- og oppdragsbøker, ofte i praktbokformat. Skald er hovudsakleg eit nynorsk forlag, men har òg gjeve ut bøker på bokmål, engelsk, tysk, kinesisk, spansk, japansk og russisk. Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing.
Namnet «Skald» kjem frå skaldane som dikta og fortalde historier i vikingtida.
Remove ads
Nynorske klassikarar
Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing. Det vert gitt ut 3 titlar i året i denne bokserien til dei store lesehøgtidene: påske, sommarferien og jul.[1]
Prisar
Fleire av bøkene har vunne prisar i konkurransen «Årets vakreste bøker» som er administrert av Grafill.[2] Nokre av dei prisvinnande publikasjonane er:
- Smykkeskrinet av Rune Døli, gull i kategori sakprosa voksen [3]
- Skalds klassikarar av Øystein Vidnes, Andreas Töpfer og Stefan Ellmer, gull i kateogien bokserie[4]
- Edda av Rune Døli i Modest og Stefan Ellmer, gull i kategorien skjønnlitteratur voksen[5]
- MS Liv av Øystein Vidnes, gull i kategorien skjønnlitteratur voksen[6]
- Kjartan Slettemark - Kunsten å falle av Silje Nes og Silje Blank[7]
Remove ads
Forlagssjefar
Kontor
Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet på Hermansverk i Sogndal kommune. Huset vart bygd i 1887 og det var hotelldrift fram til 1918.[10]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads