From Wikipedia, the free encyclopedia
Taupo District, der størsteparten ligg i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand, dekkjer eit landpområde på 6 350 km², og i tillegg 610 km² innsjøar, både Tauposjøen, den største innsjøen på New Zealand, og den mindre Rotoairasjøen. Distriktet strekkjer seg frå den vesle byen Mangakino i nordvest til nasjonalparken Tongariro National Park i sør, og austover inn i skogområdet Kaingaroa Forest. Størsteparten av innbyggjarane i distriktet bur i dei to største byane, Taupo og Turangi. Administrasjonssenteret til distriktet ligg i byen Taupo.
Taupo District | |||
distrikt | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 6 970 km² | ||
Folketal | 37 203 (6. mars 2018)[1] | ||
Taupo District 38.867°S 176.067°E |
Distriktet er administrert av Taupo District Council, og den største delen av distriktet, 73,74%, ligg i regionen Waikato, byen Rangitaiki (14,31%) ligg i regionen Bay of Plenty, byen Taharua (11,26%) i Hawke's Bay og byen Te More (0,69%) i Manawatu-Wanganui .
Ein kjenner lite til dei tidlege māoribusetnadane nær Taupo, men Ngāti Tūwharetoa har vore den viktigaste iwi i området i fleire hundre år. Viktige pā låg ved sørenden til innsjøen vest for den moderne byen Turangi.
Byen Taupo vart grunnlagd i 1869 som ein garnisonsby under New Zealand-krigane, men vart seinare verande heller liten på grunn av det skrinne vulkanske jordsmonnet i området. Det var først i 1950-åra at området byrja å utvikla seg med skogdrift og og bygginga av Wairakei geotermiske kraftstasjon.
Byen Taupo ligg ved den nordvestlege breidda til innsjøen, og Turangi ligg ved sørenden.
Riksvegen State Highway 1 snor seg langs austsida av Lake Taupo, og fleire mindre busetnadar ligg langs han. Færre menneske bur langs nord- og vestsidene til sjøen, men der er nokre mindre busetnadar nær Taupo, og vest for Turangi.
Ved folketeljinga i 2006 var folketala:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.