From Wikipedia, the free encyclopedia
Te Kuiti er ein liten by sør i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Han ligg i krysset mellom riksvegane State Highway 3 og 30, og ved jarnvegslinja North Island Main Trunk Railway, 70 km sør for Hamilton. Byen ligg i distriktet Waitomo og er sete for distriktsstyret, Waitomo District Council.
Te Kuiti | |||
by | |||
Te Kuiti sett frå sørvest, der State Highway 3 fører ut av byen. | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Waikato | ||
Distrikt | Waitomo District Council | ||
Folketal | 4 419 (2006[1]) | ||
Te Kuiti 38.335°S 175.165°E |
Ved folketeljinga i 2006 hadde byen eit innbyggjartal på 4 419, ein oppgang på 45 frå 2001[1]. Byen marknadsfører seg sjølv som «Verdas saueklipparhovudstad», og er tilskipar av den årlege newzealandske meisterskapen i saueklipping.[2]
Te Kuiti ligg om lag 80 km sør for Hamilton og 19 km søraust for Waitomo. Landområdet kring Te Kuiti, til vanleg kjent som King Country, har gjeve namnet til det lokale rugbylaget i Te Kuiti.
Te Kuiti er maorinamnet på området. I si opphavlege form, «Te Kuititanga», tyder det bokstaveleg tala dalen, inneklemminga eller innsnevringa[3].
«Saueklipparhovudstaden» har verdas største saueklipparstatue, sju meter høg. Den nasjonale meisterskapen i saueklipping finn stad kvart år seint i mars eller tidleg i april[2].
Det rikt utskorne Te Tokanganui-A-Noho-møtehuset (marae) vart gjeve til den lokale maori-iwien Ngati Maniapoto av Te Kooti, ein kjend maorileiar, som vart gjeven ly her i 1864 under New Zealand-krigane.[2]
Den japanske hagen, Tatsuno, er også eit velkjent turistmål i byen. [4]
Avsetjingar frå kalkstein har danna grottesystemet Waitomo Caves, nordvest for byen. Grottene er eit av dei mest vitja turistmåla på New Zealand.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.