Topas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Topas er eit mineral som er eit fluorhaldig aluminiumsilikat Al2SiO4F2. Dei vanlege topasane er gule, men det finst òg fargelause, lyseblå, grønlege og lyseraude. Einskilde gule topasar frå Brasil blir djupraude ved oppvarming.
Topas | |||
Topaskrystall på matriks | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Silikatmineral | ||
Kjemisk formel | Al2SiO4(F,OH)2 | ||
Strunz-klassifisering | 9.AF.35 | ||
Krystallsymmetri | Ortorombisk dipyramidal H-M-symbol: (2/m 2/m 2/m) Romgruppe: Pbnm | ||
Einingscelle | a = 4.65 Å, b = 8.8 Å, c = 8.4 Å; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus (om ingen ureinleikar), blå, brun, oransje, grå, gul, grøn, rosa og raudaktig rosa | ||
Krystallform | Prismatiske krystallar med stripete sider parallell langs lengda; òg skiveforma, kompakt, massiv | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Kløyv | [001] perfekt | ||
Brot | Undermuslig til ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 8 (definerande mineral) | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 3.49–3.57 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.606–1.629 nβ = 1.609–1.631 nγ = 1.616–1.638 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.010 | ||
Pleokroisme | Svak i tjukke delar X = gul; Y = gul, fiolett, raudaktig; Z = fiolett, blåaktig, gul, rosa | ||
Andre eigenskapar | Fluorescerande, kort UV=gylden gul, lang UV=kremaktig | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Klåre varietetar av topas vert nytta som edelsteinar og dei beste kjem frå Sri Lanka, Brasil og Russland (Ural). I Noreg finst til dels store krystall på einskilde pegmatittgangar.
Pyrofysalitt er ein gulkvit, ugjennomsiktig topas som mellom anna finst på Modum og i Sverige. Pyknitt er ei stengleg form som særleg er kjent frå tinnsteinsgangane i Böhmen.
Nemninga topas blir òg feilaktig brukt om visse andre edel- og smykkesteinar. Orientalsk topas er ein gul varietet av korund, spansk topas er ein gul kvarts og ofte ein varmehandsama ametyst. Såkalla røyktopas er det same som røykkvarts.