From Wikipedia, the free encyclopedia
Udmurtar (eldre namn votjakar) er eit finsk-ugrisk folkeslag som bur i Russland, hovudsakleg i republikken Udmurtia og naboregionane. Ved den russiske folketeljinga i 2010 var det 552 000 udmurtar i Russland. 324 000 av dei kunne det udmurtiske språket.[1] Dei fleste udmurtar har tradisjonelt vore ortodokse kristne.
Udmurtane har vore under russisk herredømme sidan midten av 1500-talet då Russland erobra det tatarske Kazan-khanatet. Etter den russiske revolusjonen var udmurtane eit av dei første folka som fekk eit eige autonomt område, Den votjakiske autonome oblasten, 4. november 1920. Dette området vart til Den udmurtiske autonome sosialistiske sovjetrepublikken 28. desember 1934. Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing vart Udmurtia ein republikk i Den russiske føderasjonen.
I 2010 budde om lag 74,3 % av udmurtane i Russland i Udmurtia, der der utgjorde 28,0 % av folkesetnaden.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.