Udmurtisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Udmurtisk, votjakisk, er eit permisk språk i den uralske språkfamilien. Dei næraste slektspråka er dermed komi og komipermjakisk. Skilnaden mellom udmurtisk og dei andre permiske språka er ikkje stor, likevel så stor at dei ikkje utan vidare er forståelege. Ifylgje folketeljinga i 2010 var det 552 000 udmurtar og 324 000 udmurtisktalande i Russland. Tilsvarande tal frå 2002 var 637 000 udmurtar og 464 000 udmurtisktalande, mens det i sovjetisk statistikk frå 1989 var 746 000 udmurtar, av dei hadde 520 000, eller 69,7 %, udmurtisk som morsmål. Dei fleste av dei lever i Udmurtia, nokre av dei bur i Basjkortostan, i Tatarstan og i Kirov og Perm oblastar. Udmurtisk har tre hovuddialektar, nord-, midt- og sørudmurtisk.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Udmurtisk (fleirtyding).
Remove ads
Skriftspråk
Udmurtisk blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med desse bokstavane i tillegg: ӝ [ʤ], ӟ [ʣ́],ӥ [ ], ӧ [e̮], ӵ [ ]. Udmurtisk fekk først eit latinsk alfabet på 1930-talet, og deretter eit kyrillisk alfabet.
Grammatikk
Fonologi
Udmurtisk har 29 konsonantfonem og 8 vokalfonem. Det er ikkje skilje mellom lang og kort vokal, og ikkje vokalharmoni.
Morfologi
Udmurtisk har, som dei andre permiske språka, eit rikt kasussystem.
Syntaks
Udmurtisk er eit SOV-språk.
Remove ads
Fotnotar
Bibliografi
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads