From Wikipedia, the free encyclopedia
Ufisk er eit omgrep brukt om fiskeslag ein fiskar som ikkje blir rekna som etande. Oppfattingar om kva som er ufisk og kva som er matfisk kan vera ulike ut frå tid og stad. Dei kan dermed verdsetjast som matfisk av nokre folk, men ikkje av andre.[1] Ein kan framleis fiska etter fisk rekna som ufisk, anten for bruk til andre føremål (som fiskemjøl og eksport) eller ved sportsfiske.
Både breiflabb (marulk) og steinbit blei tidlegare rekna som ufisk i Noreg, men blir i dag etne og er gjerne rekna som delikatesser. Håbrann, pigghå, makrell og makrellstørje er også artar som tidlegare kunne reknast som ufisk, men gjekk over til å bli utbreidd mat i løpet av 1900-talet. Gjedde har tradisjonelt vore rekna som ufisk i Noreg og matfisk i Sverige.[2] Andre fiskeslag som til ein viss grad framleis blir rekna som ufisk i Noreg er augepål,[3] berggylte,[4] knurr,[4] kolmule,[5] lake,[6] lodde,[7] lysing,[8] skate,[4] skolest,[3] suter,[9] sypike,[3] og sørv.[1]
Fisk rekna som ufisk kan sjå ufyseleg eller skremmande ut,[10] ha mykje bein[11][12] eller ha dårleg smak ved nokre høve, til dømes til visse tider eller ved feil tilreiing. Nokre av dei kan vera rekna for å ha eit ekkelt levesett - nord i Noreg har ein unngått makrell fordi det blei sagt at han åt lik.[13] Annan ufisk kan skapa problem under fisket, som håbrann, som både kunne eta fanga fisk og øydeleggja fiskereiskapar.[14] Ein nyare ufisk i Noreg, sørv, kan forringa vasskvaliteten.[1]
Ufisk er eit omgrep som er særleg knytt til norsk kultur. I mange andre kulturar finst ikkje skiljet mellom god matfisk og ufisk. Omgrepet finst til dømes ikkje i samisk kultur.[15] Derimot kan ein finna mattabu mot visse typar fisk i visse religiøse tradisjonar, som jødisk kasjrut og muslimsk halal. Her er fiskar som ikkje har (synlege) skjel forbodne å eta. Forbodet kan til dømes gjelda ål, hai, steinbit, sverdfisk og størje.[16]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.