Évros

From Wikipedia, the free encyclopedia

Évros
Remove ads

Periferieininga Évros (gresk Περιφερειακή ενότητα Έβρου, Periferiakí enótita Évrou) er den nordlegaste periferieininga i Hellas og ligg i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Hovudstaden i periferieininga er Alexandroúpoli. Det ligg aust og nordaust i den greske delen av Thráki og grensar til Tyrkia ved elva Évros (Maritsa). Évros grensar til Bulgaria i nord og nordvest. Periferieininga Rodópi ligg i vest.

Évros er òg det greske namnet på elva Maritsa.
Meir informasjon Periferieininga Évros Περιφερειακή ενότητα Έβρου ...

Namnet på periferieininga kjem frå elva Évros (Maritsa), som ser ut til å ha vore eit thrakisk hydronym.

Remove ads

Administrativ inndeling

Tidlegare var Évros eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]

Meir informasjon Periferieining, Kommune ...
Remove ads

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Meir informasjon Tettstad, Kommune ...
Remove ads

Geografi

Évros er ei av dei største periferieiningane i Hellas og den største i Thráki, ein av tre regionar i Nord-Hellas (dei to andre er Gresk Makedonia og Thessalía). Évros er om lag 150 km lang frå nord til sør, og 70–100 km brei og dekkjer 45 % av Thráki. Periferieininga inkluderer òg øya Samothráki.

Elva Évros følgjer det meste av grensa mot Tyrkia. Den største sideelva til Évros er Árdas, som kjem frå Bulgaria og renn gjennom den nordlege delen av periferieininga frå vest mot aust.

Rodopifjella ligg i vest og sørvest og åsane før fjell i sentrale og nordlege område. Ei slette og jordbruksområde ligg i dalen langs elva Évros i aust, medan Egearhavet ligg i sør.

Klima

Området har hovudsakleg middelhavsklima i sørlege og sentrale område. I nordlege og høgareliggande område er klimaet meir kontinentalt.

Historie

Området vart styrt av thrakarar fram til det vart annektert av Kongedømet Makedonia. Det makedonske styret varte fram til revolusjonen i rundt 310 fvt., då det vart ein del av Selevkidriket, som varte fram til om lag år 90 fvt. Det vart så ein del av Romarriket og provinsen Thrate fram til år 395, då det vart ein del av Austromarriket fram til 1400-talet. Gotarane invaderte området og kort tid etter vart det invadert av slavarar. Det vart så ein del av Det osmanske riket. Området klarte ikkje å lausrive seg frå tyrkarane under den greske sjølvstendekrigen. Det moderne prefekturet vart invadert av Bulgaria under balkankrigane og annektert av landet. Området vart først ein del av Hellas etter den første verdskrigen, i 1920. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 flykta mange grekarar til området frå tyrkiske område i Vesleasia. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen måtte store delar av prefekturet byggast opp att. Økonomien betra seg, men mange innbyggjarar flytta til større byar i Hellas og utanlands i åra som fylgde.

Remove ads

Referansar

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads