Île d'Oléron

From Wikipedia, the free encyclopedia

Île d'Oléron
Remove ads

Île d'Oléron er ei øy i Biscayabukta ved kysten av Frankrike, like vest for Rochefort på sørsida av sundet Pertuis d'Antioche. Ho er den nest største øya i Frankrike etter Korsika (om ein ikkje reknar med dei franskstyrte øyane i andre verdsdelar).

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Thumb
Île d'Oléron.
Remove ads

Historie

Eleonora av Aquitaine introduserte rundt 1152 til 1160 dei første maritime lovene i denne delen av verda, Rôles d'Oléron (Oléron-rullane). I 1306 gav Edward I av England øya til son sin Edward II som ein del av hertugdøme Aquitaine.

Administrasjon

Administrativt høyrer øya til departementet Charente-Maritime i regionen Poitou-Charentes. Øya er inndelt i åtte kommunar:

  • La Brée-les-Bains
  • Le Château-d'Oléron
  • Dolus-d'Oléron
  • Le Grand-Village-Plage
  • Saint-Denis-d'Oléron
  • Saint-Georges-d'Oléron
  • Saint-Pierre-d'Oléron
  • Saint-Trojan-les-Bains

Øya har om lag 20 000 innbyggjarar.

Transport

Sidan 1966 har øya vore forbunde med fastlandet via ein bru. Ho har ei lengd på 3 027 m, og er den lengste brua i Frankrike. Ho har vore gratis sidan 1991.

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads