Charente-Maritime
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Charente-Maritime er eit departementet på vestkysten av Frankrike. Departementet ligg i regionen Poitou-Charentes, og er kalla opp etter elva Charente.
Remove ads
Historie
Charente-Inférieure var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. 4. september 1941 skifta det namn til Charente-Maritime.
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Poitou-Charentes og grensar til departementa Gironde, Charente, Deux-Sèvres og Vendée.
Department inkluderer øyane Île de Ré, Île-d'Aix og Île d'Oléron.
Viktige elvar i departementet er Charente og sideelvane hennar Boutonne og Seugne, i tillegg til Sèvre Niortaise, Seudre og Garonne, som dannar elvemunningen Gironde.
Klima
Klimaet er mildt og solrikt med mindre enn 900 mm nedbør i året. Middeltemperaturen varierer frå 20 °C om sommaren til 5 °C om vinteren.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Charentais-Maritimes.
Økonomi
Økonomien i Charente-Maritime er basert på turisme, maritim industri og fabrikkindustri. Konjakk og pineau er to store jordbruksprodukt frå området.
Charente-Maritime er hovudkvarter for den store østersprodusenten Marennes-Oléron. Østers som vert dyrka her vert transportert til heile Europa.
Rochefort er ein by med skipsverft og har ein fransk marinebase.
La Rochelle er eit stort industrisenter. Like utanfor byen ligg det franske gigantselskapet Alstom, som produserer tog og togvogner for TGV og undergrunnsbanar i Paris og andre stader.
Remove ads
Turisme
Populære turiststader er La Rochelle, Saintes, Rochefort, Île-d'Aix, Île de Ré og Île d'Oléron.
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads