Øyreselar

pattedyrfamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Øyreselar
Remove ads

Øyreselar (Otariidae) er ein familie som høyrer til rovdyra og som er kjenneteikna ved at medlemmene har ytre øyre og baklemmer som kan bøyast framover og vert brukt når dei er på land. Denne gruppa finst i Stillehavet, Indiahavet og subantarktiske område. Til denne gruppa høyrer mellom anna anna pelsselartane og sjøløveartane, men dyra i denne familien, som utgjer sju slekter og fjorten artar, finst altså ikkje langs norskekysten.

Kjappe fakta

Dyr i denne familien er gjerne særs sosiale. Dei dannar store flokkar under paringstida, der individuelle hannar, avhengig av posisjon og styrke, forsvarer eit harem på 3-40 hoer. Ein fullvaksen sjøløvehann kan vege opp mot om lag tusen kg.

Remove ads

Systematikk

  • Familie: Otariidae (Øyreselar)
    • Underfamilie: Arctocephalinae (Pelsselar)
      • Slekt: Arctocephalus (Sørlege pelsselar)
        • Art: Arctocephalus australis (Søramerikansk pelssel)
        • Art: Arctocephalus forsteri (New Zealand-pelssel)
        • Art: Arctocephalus galapagoensis (Galápagospelssel)
        • Art: Arctocephalus gazella (Antarktisk pelssel)
        • Art: Arctocephalus philippii (Juan Fernandez-pelssel)
        • Art: Arctocephalus pusillus (Sørafrikansk pelssel)
        • Art: Arctocephalus townsendi (Guadalupepelssel)
        • Art: Arctocephalus tropicalis (Tropisk pelssel)
      • Slekt: Callorhinus (Nordlege pelsselar)
        • Art: Callorhinus ursinus (Nordleg pelssel)
    • Underfamilie: Otariinae (Sjøløver)
      • Slekt: Eumetopias (Stellersjøløve)
        • Art: Eumetopias jubatus (Stellersjøløve)
      • Slekt: Neophoca (Australsk sjøløve)
        • Art: Neophoca cinerea (Australsk sjøløve)
      • Slekt: Otaria (Søramerikansk sjøløve)
      • Slekt: Phocarctos (New Zealand-sjøløve)
        • Art: Phocarctos hookeri (New Zealand-sjøløve)
      • Slekt: Zalophus (Californiasjøløve)
        • Art: Zalophus californianus (Californiasjøløve)
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads