Hundeliknande rovpattedyr
underorden av pattedyr From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hundeliknande rovpattedyr (Caniformia) er ein underorden innanfor ordenen rovpattedyr (Carnivora). Gruppa inkluderer hundefamilien (ulvar, revar, og mårhund), bjørnar, vaskebjørn, raudpanda og mårdyr.[1] Selfamilien, kvalross og øyreselar er også tilordna denne gruppa.
Diversifiseringssenteret for Caniformia var i Nord-Amerika og nordlege Eurasia.
Caniformia står i kontrast til den andre underordenen av rovpattedyr, katteliknande rovdyr (Feliformia), med senter for diversifisering som var i Afrika og Sør-Asia.
Remove ads
Skildring
Dei fleste medlemmene av denne gruppa har ikke-tilbaketrekkbare klør. Unnatak er fiskarmår,[2] mårar,[3] havoter (berre forpotar),[4] raudpanda,[5] og nordamerikansk kakomistl (Bassariscus astutus),[6] og nokre revar som har tilbaketrekkberre eller halvt tilbaketrekkberre klør. Andre eigenskapar som skil Caniformia frå Feliformia er at «dei hundeliknande» Caniforma har lengre kjevar og fleire tenner, med mindre spesialiserte rovtenner (carnassial). Dei tenderer også meir mot å vere altetande, medan «dei katteliknande», bortsett frå leopardmår og snikkattane, er meir spesialiserte for å ete kjøtt.
Liste av biologiske familiar i underorden hundeliknande rovpattedyr:
- Hundefamilien (Canidae)
- Bjørnefamilien (Ursidae)
- Kvalross (Odobenidae)
- Øyreselar (Otariidae)
- Selfamilien (Phocidae)
- Raudpandaer (Ailuridae)
- Skunkar (Mephitidae)
- Halvbjørnar (Procyonidae)
- Mårdyr (Mustelidae)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads