1744
år From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
1744 (romartal MDCCXLIV) var eit skotår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Remove ads
Hendingar
Utlandet
- Den austerrikske arvefølgjekrigen heldt fram.
- 22. februar: Slaget ved Toulon byrja utanfor kysten av Toulon i Frankrike. Det enda med at ein spansk konvoi slo den britiske middelhavsflåten.
- 15. mars: Frankrike erklærte krig mot Storbritannia.[1]
- 29. mars: Storbritannia erklærte krig mot Frankrike.[2]
- 2. april: First Rules of Golf, dei første reglane for golf, blei skrivne opp i Leith i Skottland for den første golf-tevlinga.[3]
- 16. april: Frankrike erklærte krig mot Austerrike.[1]
- 20. april: Slaget ved Villafranca Armeane til Frankrike og Spania rykte inn i Kongedømet Sardinia og gjekk gjennom passet ved Villafranca, der dei slo dei britisk-sardinske forsvararane.
- April: The Female Spectator, eit månadleg tidsskrift, blei grunnlagd av Eliza Haywood i England som det første bladet for kvinner skrive av ei kvinne.
- 19. juli: Slaget ved Casteldelfino mellom Frankrike og Kongedømet Sardinia tok til.
- 12. august: Slaget ved Velletri fann stad mellom Austerrike og ein allianse mellom Spania og Kongedømet Napoli. Det ende med austerriksk retrett.
- 30. september: Slaget ved Madonna dell'Olmo fann stad utanfor Cuneo og vart ein pyrrhossiger for Frankrike og Spania over Kongedømet Sardinia.
- Utan dato
- Kong Georg-krigen, ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen i Nord-Amerika, braut ut.
- Darayeh-emiratet, den første saudistaten, blei grunnlagd av Muhammed ibn Saud
Noreg
Remove ads
Fødde

- Sjå òg Fødde i 1744.
- 4. mai: Marianna von Martines, austerriksk musikar og komponist
- 19. mai: Charlotte av Mecklenburg-Strelitz, dronning av Storbritannia
- 1. august: Jean-Baptiste de Lamarck, fransk biolog
- 21. juni: Marcus Schnabel, norsk språkgranskar
- 4. juli: Samuel Gottlieb Gmelin, tysk naturforskar
- 31. juli: Peter Anker, norsk diplomat og guvernør
- 25. august: Johann Gottfried Herder, tysk filosof
- Utan dato
- Marie Barch (fødd Knudsen), dansk ballerina
Remove ads
Døde
- Sjå òg Døde i 1744.
- 23. januar: Giambattista Vico, italiensk filosof
- 11. februar: Hedvig Taube, svensk adelskvinne, elskarinna til Fredrik I av Sverige
- 25. april: Anders Celsius, svensk fysikar
- 30. mai: Alexander Pope, engelsk forfattar
- 29. juni: André Campra, fransk toneskapar
- 31. oktober: Leonardo Leo, italiensk toneskapar
- 23. desember: Élisabeth Charlotte d'Orléans, fransk hertuginne og regent av Lorraine
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads