1759
år From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
1759 (romartal MDCCLIX) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen.
I Storbritannia blei året kjent som eit annus mirabilis på grunn av dei mange britiske sigrane i Sjuårskrigen.

Remove ads
Hendingar
Utlandet
- 13. januar: Den adelege Távora-familien i Portugal blei avretta etter skuldingar om forsøk på snikmord av Josef I av Portugal.
- 15. januar: British Museum opna for allmugen.
- Satiren Candide av Voltaire blei gjeven ut samstundes i fem land.
- 13. april: Sjuårskrigen. Slaget ved Bergen. Franske styrka sigra over hertug Ferdinand av Braunschweig i Hesse.
- 1. mai: Josiah Wedgwood grunnla keramikkfabrikken Wedgwood i England.
- 19. juli: Mariabrannen braut ut i Stockholm og øydela kring 300 hus.
- 19. august: Sjuårskrigen. Slaget ved Lagos mellom Storbritannia og Frankrike fann stad utanfor kysten av Spania og Portugal. Britiske styrkar under Edward Boscawen sigra.
- 13. september: Den franske og indianske krigen. Québec blei storma og innteken av britiske troppar, slik at Canada kom under britisk styre.
- 18. oktober: Ein brann øydela den makedonske byen Thessaloníki (Salonika). Kring 4000 hus blei øydelagde.[1]
Danmark-Noreg
- Egedesminde (dagens Aasiaat) blei grunnlagd på Grønland.
Remove ads
Fødde
- Sjå òg Fødde i 1759.
- 25. januar: Robert Burns, skotsk-britisk diktar
- 27. april: Mary Wollstonecraft, britisk forfattar
- 13. august: Niels Hertzberg, norsk prest
- 23. oktober: Sivert Aarflot, norsk lensmann
Døde
- Sjå òg Døde i 1759.
- 12. januar: Anna av Storbritannia, britisk prinsesse og regent av Dei sameinte Nederlanda
- 14. april: Georg Friedrich Händel, tysk-engelsk komponist og musikar
- 20. juni: Margareta Capsia, finsk målar
- 6. desember: Louise-Élisabeth av Frankrike, fransk prinsesse og hertuginne av Parma
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads