20000 Varuna
asteroide From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
20000 Varuna (overgangsnamn 2000 WR106; symbol:
) er eit stort klassisk kuiperbelte-objekt. Objektet har ein estimert diameter på 800–1000 km og blei oppdaga 28. november 2000 av Spacewatch-prosjektet. Dersom det viser seg at Varuna er sfærisk forma vil objektet få dvergplanetstatus.
Remove ads
Namn
Varuna er kalla opp etter den vediske guden Varuna. Han herska over havet og vatna i himmelen, og er blitt likna med Poseidon og Neptun.
Fysiske karakteristikkar

Varuna har ein rotasjonsperiod på omtrent 3,17 timar (6,34 timar dersom lyskurva har dobbelt maksimum). Gitt den hurtige rotasjonen, som er sjeldsynt for så store objekt, er Varuna kanskje noko avlang i forma. Seinare har eit endå større og avlangt objekt, 136108 Haumea, blitt funne; dette òg i kuiperbeltet.[4]
Overflata til Varuna er moderat raudleg (lik 50000 Quaoar si), men er uvanleg mørk samanlikna med andre klassiske kuiperbelte-objekt (albedoen er mindre enn 0,04). Dette tyder på at det finst lite is på overflata. Likevel har ein identifisert små mengder vassis der.[5]
Remove ads
Bane

Varuna er klassifisert som eit klassisk kuiperbelte-objekt og følgjer ein nestensirkulær bane med ein store halvakse på omtrent 43 AE; lik Quaoar, men med ei større banehelling. Omløpstida er òg lik Quaoar si og er på 283 jordår.
Ved 43 AE og med ein nær sirkulær bane blir ikkje Varuna påverka i noko særleg grad av Neptun; i motsetnad til Pluto som har ein 2:3 baneresonans med planeten.
Kjelder
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

