20th Century Boy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«20th Century Boy» er ein song av T. Rex, skriven av Marc Bolan. Han vart gjeven ut som singel i 1973 og nådde 3. plass på lista i Storbritannia og 9. plass i Noreg.[1] Songen vart aldri gjeven ut på eit originalt studioalbum, men kom ut som bonusspor på nyutgjevinga av Tanx.
Songen hamna seinare på Topp 20 i Storbritannia i 1991,[1] 14 år etter Bolan døydde, då han vart nytta i ein reklame for Levi's med Brad Pitt. Ein litt anna del av songen, med harpe i tillegg, vart nytta i ein reklame for Jameson Irish Whiskey.
Songen er spelbar i videospela Guitar Hero 5 og Rock Band 3.
Remove ads
Salslister
Remove ads
Salstrofé
Andre versjonar
Songen er spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Adam Lambert, Naked Raygun, The King, Kiyoharu Mori, Adam Ant, Drain STH, Chalk Circle, The Replacements, Girlschool, Pink Cream 69, The Three Johns, Placebo, Siouxsie and the Banshees, X Japan, Bang Tango, Buckethead, Def Leppard, Moby og Richard Barone og The Big Six.
I filmen Velvet Goldmine frå 1998 framførte Placebo songen som det fiktive bandet The Flaming Creatures. Denne vart gjeven ut som den doble A-side-singelen i lag med «You Don't Care About Us». Bandet framførte òg songen på BRIT Awards i 1999 med David Bowie.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads