4th Time Around
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«4th Time Around» er ein song av Bob Dylan på albumet hans Blonde on Blonde frå 1966.
Teksten skapar kontrast mellom det vanlege og det absurde og indikerer ein ung romanse. Songen er bitar av ein samtale mellom ein mann og ei kvinne, som ser ut til å vere midt i ein krangel. Teksten opnar med det som verkar som høgdepunktet i krangelen «When she said/ Don't waste your words, they're just lies/ I cried she was deaf». Melodien er ein enkel folkemelodi som står i kontrast til dei meir blues-rock-orienterte songane som dominerer Blonde on Blonde.
«4th Time Around» har ein viss likskap til The Beatles-songen «Norwegian Wood», både melodisk og tekstmessig. «Norwegian Wood» vart rekna som eit stort kunstnarisk sprang for John Lennon og ein av dei første songane som viste at han var tydeleg inspirert av Dylan. «4th Time Around» kan ha vore ei leiken hyllest eller ei satirisk åtvaring til Lennon.
Remove ads
Andre utgåver
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre
- Terry Melcher Terry Melcher (1974)
- The Sports The Sports Play Dylan & Donovan (1981)
- Pete Williams The Times They Are A-Changin' (1992)
- Steve Gibbons The Dylan Project (1998)
- Chris Whitley Perfect Day (2000) og On Air (2008)
- Michael Moore Jewels and Binoculars (2000)
- Michel Montecrossa 4th Time Around (2001)
- Dylan Project May Your Song Always Be Sung: The Songs of Bob Dylan, Volume 3 (2003)
- Yo La Tengo I'm Not There Original Soundtrack (2007)
Norsk versjon
Ein nynorsk tekst til songen, kalla «I fjerde omgang», vart skriven og framført av Tom Roger Aadland på Blondt i blondt i 2016.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «4th Time Around» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
- Teksten Arkivert 2012-03-03 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads