A Collection of Great Dance Songs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
A Collection of Great Dance Songs er eit samlealbum av Pink Floyd som kom ut 23. november 1981, mot Roger Waters si vilje. Albumet er unikt fordi det har forskjellige miksar av «Shine On You Crazy Diamond» (som består av delane 1, 2, 4 og 7) og «Another Brick in the Wall (Part 2)» (som kombinerer introen frå singelmiksen med albumversjonen, medan den tonar ut under «if you don't eat your meat»-seksjonen). Sporet «Money» vart spelt inn på ny sidan Capitol Records nekta å la Columbia Records bruke sporet i USA. Derfor tok David Gilmour og spelte songen inn på nytt der han speler nesten alle instrumenta sjølv, både trommer, gitarar, tangentar, bassgitar og vokal. Songen var produsert i lag med James Guthrie. Dick Parry spela saksofon, som på originalen. Det er nokre små skilnadar mellom dei to versjonane, hovudsakleg i saksofon- og gitarsoloane.
Tittelen på plata er meint ironisk, sidan Pink Floyd ikkje var kjend for å lage musikk ein kunne danse til. Dette kan ein òg sjå på omslaget, som viser bilete av to dansarar som er bardunert til golvet slik at dei ikkje kan røre seg. Hipgnosis laga coveret under eit psevdonym fordi dei hadde blitt uvener med Roger Waters.
Albumet nådde 37. plass på den britiske album lista og 31. plass i USA. Columbia gav ut ei CD-utgåve av albumet i 1997 med betre digital lyd.
Remove ads
Innhald
- Den brasilianske versjonen inneheld «The Gunner’s Dream» (Roger Waters) (som seinare kom på The Final Cut) i staden for «One of These Days».
Remove ads
Medverkande
- David Gilmour - Gitar, bassgitar, vokal, alle instrument på «Money» (bortsett frå saksofon)
- Roger Waters - Bassgitar, vokal, rytmegitar på «Sheep»
- Richard Wright - Tangentar, synthesizer, vokal
- Nick Mason - Trommer og perkusjon, stemme på «One of These Days»
- Dick Parry - Saksofon
- Hipgnosis - Albumdesign (under psevdonymet TCP)
Salslister og salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads