Money av Pink Floyd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Money» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skrive av Roger Waters og vart gjeve ut på singel i USA der han gjekk inn på Topp 20 på singellista.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Komposisjon

«Money» er kjend for å ha ein takt i 7/4 (men gitaristen David Gilmour omtalar takten som 7/8 i ein dokumentar om korleis dei laga Dark Side of the Moon). Dei aller fleste rockesongar går i ein 4/4 takt, og av og til 3/4. Under gitarsoloen skiftar derimot takten til 4/4, før han kjem tilbake igjen til 7/4 etter soloen. Dette vart gjort fordi Gilmour meinte det ville bli for komplisert å lage ein solo i 7/4. Kritikarar har kommentert at denne dynamiske endringa (tempoet er det same, men endringa til 4/4 får songen til å høyrast raskare ut) er ein av styrkane til songen.

I lag med The Beatles sin song «All You Need is Love» er desse to songane dei einaste hitsinglane i USA som er skrivne i 7/4 takt.[3]

Remove ads

Soge

New car, caviar, four star daydream,
Think I'll buy me a football team.

Roger Waters (1973)

Songen vart laga i eit mellombels platestudio i hageskuret til Roger Waters, og Waters har skildra den originale demoen som «overpertentleg og svært engelsk», i staden for den bluesaktige og transatlantiske kjensla i albumversjonen. Songen er tilskriven Waters aleine sidan han skreiv hovudmelodiane og teksten, men er eigentleg eit gruppearbeid, og spesielt instrumentalpartiet vart laga av heile bandet.

«Money» vart spelt inn på ny i 1981 for samlealbumet A Collection of Great Dance Songs, fordi Capitol Records nekta og gje frå seg lisensen til songen til Columbia Records i USA. På grunn av dette spelte David Gilmour inn heile songen aleine, det vil sei alle trommene, gitarane, tangentinstrumenta, bassgitaren og vokalen, og produserte han i lag med James Guthrie. Dick Parry spelte derimot saksofon slik han hadde gjort på originalen.

Pink Floyd spelte songen svært mykje på konsertar, og han var stort sett ein del av programmet på alle turnéane bortsett frå The Wall-turneen. Både Gilmour og Waters har i tillegg spelt songen mykje på sine soloturnear.

Remove ads

Fakta

  • I midten av songen «The Happiest Days of Our Lives» i filmutgåva av The Wall er det ein kort pause i musikken der læraren til hovudpersonen Pink les høgt og hånar eit av Pink sine dikt. Delen han les ut er ein del av teksten til «Money»: «Money get back, I'm all right Jack, Keep your hands off of my stack. New Car, Caviar, Four-Star Daydream, Think I'll Buy Me A Football Team.»

Andre versjonar

Remove ads

Medverkande

Pink Floyd
Studiomusikar

Salsliste

Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads