A Hard Day’s Night
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«A Hard Day’s Night» er ein song av det britiske bandet The Beatles. Han vart skrive av John Lennon og kreditert til Lennon/McCartney. Songen kom ut som filmmusikken til filmen med same namn i 1964. Han vart seinare gjeve ut som singel med «Things We Said Today» som B-side i Europa og «I Should Have Known Better» i USA.
Songen toppa listene i Storbritannia og USA og fleire veker på topp i begge land, samt ei veke på toppen av VG-lista i Noreg. Songen har ein særeigen og framtredande opningsakkord. Begge stader låg både albumet og singelen på topp samstundes, noko som aldri hadde skjedd tidlegare.[1]
It’s been a hard day’s night,
John Lennon |
Songen vart spelt inn i Studio 2 i Abbey Road Studios den 16. april 1964. Songen vart først gjeve ut i USA på albumet den 13. juni 1964. Albumet vart ein hitt og selde over to millionar eksemplar.[2]
«A Hard Day’s Night» var den første Beatles-singelen som vart gjeve ut i Storbritannia utan eit pronomen i tittelen. Her vart songen gjeve ut 10. juli 1964, både på albumet og som singel. I løpet av fjorten dagar hadde albumet seld 1,5 millionar eksemplar i heimlandet. Singelen vart gjeve ut i USA 13. juli med «I Should Have Known Better» som B-side.
Etter at the Beatles hadde spelt på The Ed Sullivan Show då dei først kom til Amerika tidleg i 1964 hadde enkelte amerikanske kritikarar avfeidd dei som ei døgnfluge. «A Hard Day’s Night» viste at kritikarane tok feil og Beatles tok eit enno sterkare grep om musikkverda i 1964.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 154. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[3]
Remove ads
Opningsakkorden
«A Hard Day’s Night» er gjenkjenneleg alt på opningsakkorden spelt på George Harrison sin Rickenbacker 360/12 12-strengars gitar.[4] I følgje George Martin visste dei at songen skulle opne både albumet og filmen, så dei trengde ein sterk og effektiv introduksjon, og gitarakkorden gav dei nettopp det.[5]
Analysar av akkorden varierer og han har vorte skildra som G7add9sus4,[6] G7sus4,[7][8] eller G11sus4[4] og andre. Den eksakte akkorden er derimot ein Fadd9, stadfesta av Harrison sjølv i 2001, men med ein D på bassen til McCartney.[9]
Remove ads
Medverkande
Personell per Ian MacDonald[10]
- John Lennon – vokal (vers), elektrisk og akustisk rytmegitar
- Paul McCartney – vokal (mellomspel), harmonivokal, bass
- George Harrison – 12-strengs sologitar
- Ringo Starr – trommer, bongo, kubjølle
- George Martin – piano
Salslister og salstrofé
Salslister
Andre versjonar
Av andre artistar som har spelt songen finn mellom anna Peter Sellers og Billy Joel.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads