Aase Nordmo Løvberg

norsk professor og songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Aase Nordmo Løvberg
Remove ads

Aase Nordmo Løvberg (fødd 10. juni 1923 i Målselv, død 25. januar 2013)[1] var ein norsk operasongar. I ei årrekke song ho med Jussi Björling ved Kungliga Operan i Stockholm. Ho song under namngjetne dirigentar som Herbert von Karajan og sir Georg Solti.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Nordmo Løvberg debuterte i Oslo i 1948. I perioden 1952 til 1970 budde ho i Stockholm, avbrote av nokre opphald ved Wiens Statsopera og Metropolitan Opera i New York.

Av utdrag frå den norske yrkeskarrieren, kan ein nemne at ho vart lektor ved Musikkonservatoriet i Oslo 1970. Ho vart vidare professor ved Norges musikkhøgskole i perioden 1973–90 og var sjef ved Den Norske Opera frå 1978–81.

Ho var gift med Børt-Erik Thoresen (død 2011) og budde på Lillehammer siste delen av livet.

Remove ads

Utmerkingar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads